Siste kursdag i prosjektet, Odderøya Museumshavn 11. januar 2019. Foto: Arve Lindvig, Vestagdermuseet Eit krafttak for munnleg historie i Noreg Munnleg historie er ein metode for å samla, ta vare på og utforska stemmene og minnene til grupper, samfunn og enkeltmenneskje. Det er den aller eldste forma for historisk undersøking – eldre enn skriftlige nedteikningar. Som fylgje av den teknologiske utviklinga er det også den mest moderne. Sidan 1940-talet har det vore mogleg å ta vare på stemmene og historiane til ganske mange personar med bruk av magnetband. I dag står me midt i ein ny teknologisk revolusjon, som har utstyrt oss med topp fungerande bærbart digitalt opptaksutstyr – i mobiltelefonen. Munnleg historie er tidsvitneforteljingar om vår eiga tid. Det me samlar om kan bli råstoff både for forsking og for kunst. Men forteljingane om det levde livet er også kulturuttrykk og kulturarv i seg sjølv Som historikarar treng me dei personlege forteljingane til folk som deltok, ellers blir forståinga av fortida fattig. Som samfunnsborgarar treng me å sjå linjer mellom liva våre – på tvers av generasjonar, geografi, fagmiljø og personleg formue. Hausten 2018 og våren 2019 har ei liten prosjektgruppe med fire personar frå fire organisasjonar fått tilskot frå Norsk Kulturfond til å reisa rundt til 12 stader i landet. På kvar stad skal me:
Alle interesserte kan bli med på seminar og/eller praktisk intervjuarbeid - påmelding her Munnleg historie: Frå arrangement med intervjuopptak om levd liv som sjømann. Bergen Sjøfartsmuseum. Foto: Bård Gram Økland |