Infrastruktur

Intervjustudio: Me vil skaffa oss eit mobilt intervjustudio som me enkelt kan flytta rundt på brukarstader i heile fylket.
Arkiv: Me skal fyrst og fremst påverka og samarbeida med den offentlege Arkiv-, biblioteks- og museumssektoren for å få oppretta eit ope offentleg arkiv for munnlege livsforteljingar og anna munnleg kjeldestoff.
Publiseringskanal: Me ynskjer også at det offentlege skal eiga og drifta ei formidlingsteneste der folk sjølve kan publisera og dela sine forteljingar. Ei slik teneste er under utprøving i Sverige (Minnen.se) og fyrste versjon av ein norsk "tvilling" (Minne.no) kan bli lansert alt i september i år.

27/7-17: Stor - men "usynleg" omlegging av nettsidestrukturen

lagt inn 28. jul. 2017, 01:06 av Leiar Memoar

I løpet av nokre lange sommardagar har me bygd om nettsidestrukturen på både publiseringssidene og internsidene til Memoar.  Me valde å gjera det i fellesferien, ut frå den teorien at då var trafikken liten. Nokre problem har det nok skapt for eventuelle brukarar - men ingen har kontakta post@memoar for å klaga eller etterlysa sider. 

Kort fortald: Me begynte i si tid å byggja Memoar på domenet Memoar.org.  Men ganske snart bestemte me at framtida skulle vera Memoar.no som "merkenamn".  Me tenkte nok at me skulle bygga vidare på Memoar.org fram til det var på tide med ein re-design - og så byggja alt frå botnar på memoar.no. Men så har aktivitetane vakse så fort, at redesignjobben har blitt større og større, på same tid som me har vikla oss inn i inkonsekvente sidenamn, med hovudside på Memoar.org og prosjektsider på Memoar.no osb. 

Det me har gjort er å flytta all publisering over på Memoar.no-domenet. Inntil vidare ligg den gamle strukturen synleg med ei åtvaring og peikar til vidaresending til den nye på Memoar.org . Litt seinare på hausten skal me så gjera .org-domenet til eit organisasjonsdomene, med internsider, dokumentarkiv, framdriftsrapportar osb osb. 

Den største jobben med dette er å leggja om alle snarvegsadressene. Der er me pr. 28/7 enno ikkje ferdige. Alt fungerer nå frå menyen i hovudsida Memoar.no. Men eksempelvis er det ideen vår at alle personsider skal ha eiga adresse med Fornamn.Etternamn.Memoar.no - og det fungerer ikkje i dag. Men før me kjem til AUGUST SKAL DET VERA I ORDEN. 

 

12/6-17: Hordaland sitt andre intervjustudio opnar i Sund

lagt inn 13. jun. 2017, 00:12 av Bjørn Enes   [ oppdatert 27. jun. 2017, 23:53 ]

SUND:  12.juni (2017) starta det andre offentlege intervjustudioet i Hordaland. Frå no og dei næraste vekene kan alle innbyggarane i Sund ta med seg slektningar, naboar, arbeidskameratar eller kven det no enn er som har forteljingar det er verd å ta vare på. Viss erfaringane er gode, vurderer biblioteket å skaffa eige utstyr slik at intervjustudioet vert permanent. (Biletet: Frå demonstrasjonen av Memoar sitt mobilstudio den 12/6).

Forankra i biblioteket.

Truleg vert dei mest aktive brukarane biblioteket sjølve. Biblioteksjef Bente Fosse og assistent Lisbeth tek sjølve sikte på å gjennomføra intervju, og har ei spennande kandidatliste klar. Måndag 12/6 overtok dei Memoar sitt mobilstudio. I tillegg hadde dei invitert interesserte både frå kultureininga i Sund Kommune, Sund Sogelag, Nordsjøfartmuseet, Bygdeboknemnda og Memoarkontaktar i Sund til eit minikurs om minnesamling i samband med overtakinga.

Erfaringane frå Bergen Bibliotek viser at hovudutfordringa med ei aktiv innsamling av munnleg historie nettopp er forankringa. I byen stiller biblioteket med lokale, medan organiseringa er forankra i den frivillige organisasjonen Memoar. Det fungerer, men det er klart at det er mykje betre om biblioteket sjølve har folk som kan og er motiverte for å samla forteljingar.

Enkelt å gjera opptak:

Utstyret berre ein bærbar PC og eit kamera. Nye brukarar får hjelp av Bente eller Lisbeth til å starta dei opp. Intervjuaren ser kamerabiletet på Pcskjermen framfor seg, og kan fylgja etter med å snu på kamera dersom forteljaren skulle bevega seg ut av biletet. Der er ein enkel meny i skjermbiletet med berre ein knapp - «Start opptak». Den byttar tekst til «Stopp opptak» når opptaket er i gang. I prinsippet er det berre denne eine knappen som intervjuaren treng å bry seg om.

Det er i tillegg to lyskastarar som kan brukast på kveldstid. På dagtid er lystilhøva veldig gode i biblioteket.

Kva skjer med opptaket?

Tanken er jo å bygga opp ei samling av munnleg kjeldemateriale som kan bevarast for framtidige generasjonar i Sund. Men veldig mange intervju med lokale forteljarar er også interessante for samtida. I begge tilfeller er det viktig at opptaket vert sikra, at det kan delast – og at det er system på kven som har tilgang til ei kvar tid. Det er tre trinn i arkiverings-/delingsprosessen:

Fyrst vert opptaket lagra i den lokale, bærbare PC'en. Straks intervjuaren trykker «Stopp opptak», startar ei automatisk opplasting av ein sikringskopi i den såkalla nettskya. I praksis skjer det inntil vidare til Memoar sitt Dropbox-arkiv. Intervjuar og forteljar kan ta ut ein kopi på minnepinne frå studioPC-en, eller få tilgang til sikringskopien i Dropbox slik at dei kan sjå opptaket på eigen PC.

Trinn to er klargjering av opptaket for arkivering og eventuell publisering. Det er den mest arbeidskrevjande delen av arbeidet. Det må lagast ein søkbar tekst om kva intervjuet inneheld, og kor dei ulike sekvensane kan finnast (minutt og sekund frå start). Memoar er av den meining at det ikkje er naudsynt å skriva ut heile intervjuet i tekst – det er nok å laga ei stikkordsliste – medan andre held på «gamlemåten» med full transkripsjon.

Dette trinnet må også innehalda ei etisk vurdering. Rettesnora her er vanleg presseetikk. Det kan vera naudsynt å ta ut ein og annan sekvens, for eksempel viss det vert sagt noko om ein tredjeperson som utløyser ein rett for henne/han til å ta til motmæle (tilsvarsrett).

Det kan også vera aktuelt å «pynta litt» på opptaket – ta vekk litt tomsnakk o.l. Så sjølv om målet er mest mogleg autentisk kjeldemateriale, er det som regel rett å laga ein litt «strigla» publiseringsversjon.

Eiga nettside om munnleg historie frå Sund?

Tredje trinn er avlevering og eventuell publisering. Me ventar på ei avklaring om Fylkesarkivet vil ta mot munnleg historie. Memoar arbeider for oppretting av eit «munnleg nasjonalarkiv». Fram til dette er løyst på fylkes- eller riksplan, vil Memoar oppretthalda sitt mellombels arkiv.

Det er forteljaren i kvart opptak som avgjer om publiseringsversjonen skal leggjast ut på internett. Viss ho/han gjer det, vil opptaket bli publisert på ein av dei store delingsplattformane (Vimeo eller YouTube). Derifrå vil det bli publisert på Memoar sine sider som får namnet Sund.Memoar.no. Truleg vil dei også bli publisert på Biblioteket sine sider. Drøftringane om å etablera ei eiga side med munnleg historie frå Sund er alt i gang – det kunne vera ein stad også for arkivet av lokalradiointervju.

Kontaktperson på Sund Folkeboksamling er Bente Fosse – bente.fosse@sund.kommune.no.

Kontaktperson i Memoar er Bjørn Enes - bjorn.enes@memoar.no 

29/5-17: Os sogelag gjennomfører sine fyrste opptak

lagt inn 5. jun. 2017, 22:57 av Bjørn Enes   [ oppdatert 5. jun. 2017, 23:04 ]

I helgja 26-29 mai lånte Os Sogelag kamera, stativ og minnekort for å gjennomføra sine fytrste intervju. 
Opptaka er kopiert over på Os sogelag sin eigen disk og er ikkje lagra eller delte gjennom Memoar-arkivet. 
Sogelaget rapporterte at opptaket gjekk prob lemfritt teknisk sett, og er interesserte i fortsett samarbeid. 
Mellom anna skasl me drøfta kurs i Os over sommaren. 

24/5-17: Sund Bibliotek / Sund Sogelag gjer sine fyrste opptak

lagt inn 5. jun. 2017, 22:55 av Bjørn Enes   [ oppdatert 5. jun. 2017, 23:03 ]

Onsdag 24. mai flytta Memoar sitt Drop-inn-studio frå Bergen til Os Folkebibliotek, og gjennomførte to intervjuopptak i samarbeid med biblioteket og kommunen si kultureining. 
Forteljarane var Johannes Høyland og Anna Jorunn Bjorøy. 
Avtalen vidare er at Bjørn Enes freå Memoar og Helge Bjorøy frå kommunen si kultureining skal breuka ein dag på etterarbeidet etter minst eitt av desse intervjua, før det skal haldast kurs for sogelag og andre interesserte. 
Sund Bibliotek skal også låna mobilstudio i eit par veker. Datoar vert bestemt seinare.   

22/3: Kva kostar eit bibliotekstudio?

lagt inn 23. mar. 2017, 03:07 av Bjørn Enes   [ oppdatert 23. mar. 2017, 04:13 ]

I diskusjonane med kultureininga / biblioteket i Sund kommune, vart Memoar oppmoda til å gi eit råd om kva eit intervjustudio i Sund bibliotek bør kosta. Forslaget vil vera interessant også for andre, i tillegg til at det er interessant å diskutera. Bjørn Enes laga 22. mars fylgjande forslag: 

Ei enkelt bibliotekstudio bør innehalda: 
  • Eit kamera. Eg vil tilrå eit kamera med god lydinngang for ekstern mikrofon, evt. svært gode kameramikrofonar. Lyden er på mange måtar viktigast i dette formatet. Me har svært gode erfaringar med Zoom Handcam y Q 8, av di det både fungerer mobilt og i studio. Det kostar ca 4.000,- 
  • Mikrofon: Mi erfaring er at med Q8 fungerer kameramikrofonen så godt at det ikkje trengst ekstern mikrofon. 
  • Minnekort:  Dersom kamera skal brukast mobilt - og det bør det avbsolutt setjast opp for - må det ha eit stort minnekort. Prisane på slik er i fritt fall: Bør kanskje rekna 600,- for eit godt 64 gb kort. 
  • PC/Mac: På biblioteket i Bergen er kamera og mikrofon knytta til ein Imac som vel kostar ca 14.000,- Etter mitt syn er det litt som å skyta spurv med kanoner, men dette kunne eg gjerne tenkja meg Helge sitt syn på. Det fungerer strålande på biblioteket. Men til Memoar sitt mobilstudio har me nøyd oss med ein billig-PC til 3000,- kroner. me har ikkje brukt han nok til å vera sikre på korleis han fungerer.
  • Programvare - opptak: I Bergen brukar med Open Broadcast Software som er gratis. Det gjer det mogleg å leggja opptaka rett i Dropbox  Til vårt mobilstudio brukar me overføringsprogammet Handy Share som er tilbehør til Q8-kamera og altså også "gratis".
  • Lagringsplass: Me lagrar i "nettskya", for vår del i Dropbox.com. Det har mange fordelar, viktigast er sikkerheit/backups. Nest viktigast er at det vert veldig enkelt å samarbeida om etterarbeidet når råstoffet alltid er tilgjengeleg. Me har ein non-profit-lisens som gir oss tilgang til 5Tb lagringsplass (ca. 2500 timar intervju). Det kostar oss 480 Euro/år.eller ca 4.000,-  Memoar meiner at ein slik lisens kan delast mellom fleire brukarar - me tek gjerne mot "leigebuarar" 
  • Studiolys og bakgrunn: I Bergen har me kjøpt ei pakke med lys, stativ og duk for studiobakgrunn og greenscreen for omlag 4.-500.  Me handla frå Teodora . I praksis brukar me berre lysa - ein einsfarga vegg fungerer fint som bakgrunn i biblioteket, og mobilt fungerer som regel miljøet sjølv som ein god bakgrunn. Det burde halda med 3.000,- max til lys. 
  • Enkel redigering: Me brukar net nettbaserte programmet Wevideo.com der me har ein nonprofit-lisens som kostar oss 250 USD/år (ca 2700,- med mva). 

Konklusjon: 

Kamera med godt lydsystem:   4.000,-

Meir om Bibliotekstudio:

Mikrofon: ikkje naudsynt
Minnekort                                    600
Programvare - optak gratis
Studiolys                                  3.000,- 
PC eller Mac                              3.000 - 14.000
       Minimumsinvestering:      10.600,-  21.600 - avhengig av maskinløysing.

I tillegg vil eg tilrå lisensar:: 
Arkivplass i nettskya:                1.000  -  4.000 /år, avhengig av spleiselag 
Proramvare - redigering                  900  -   2700,/ år, avhengig av spleiselag 

Dette kan bli oppfatta som "provoserande billig" i mange fagmiljø. Det er derfor veldig interessant å få inn kritiske kommentarar, slik at me kan få prøvd dei ut. Skriv gjerne til bjorn.enes@memoar.no 
       

16/1: "Eldprøve" for mobilstudio

lagt inn 28. jan. 2017, 02:05 av Bjørn Enes

Under eit tredagars kurs for tilsette i Bymuseet, vart mobilstudio brukt for fyrste gong. 
Tre veteranar frå Bergen Brannkorps vart intervjua i Bergen gamle brannstasjon. 
Heile "eldprøven" er gjennomgått i ein bloggpost i Framdrift.Memoar.no - og me viser til den heller å ta den opp att her. 

Om kort tid vil samarbeidspartnarar i Hordaland få tilbod om å låna/leiga mobilstudioet, eventuelt samaqn med eit introduksjonskurs. 

11/1-17: Intervjustudio i Bergen er no også redigeringsstudio.

lagt inn 12. jan. 2017, 03:48 av Bjørn Enes   [ oppdatert 12. jan. 2017, 03:48 ]

Den 11. januar vart det avklart med Bergen Bibliotek at Studio 1 nå også skal kunne brukast til  redigering i WeVideo.com. 

Det er oppretta same brukar på maskin 1 ("musikkmaskinen") som på intervjumaskinen. Rutinane blir slik: 

1. Redigering i Studio 1: Bjørn orienterte om at Memoar nå har etablert avtale med WeVideo.com som er ei skyteneste som gir adgang til redigering av video. Denne avtalen kompletterer avtalene med Dropbox.com og Vimeo.com og gir fylgjande rutinar:

  • Råopptak vert lasta opp til Dropbox. (Frå opptaksmaskinen i Studio 1 til mappa Bergensminner som er delt mellom Bergen Bibliotek og Memoar) Derifrå vert råfilen delt med dei som eig han (forteljar og intervjuar) og den som skal redigera (normalt intervjuar).

  • Redigerar lastar råopptaket frå Dropbox til WeVideo (det går "sky til sky", utan å bruke lokale internettlinjer). Der kan ho/han redigera ferdig og rendra den ferdige publiseringsversjonen frå kva maskin / nettbrett / mobiltelefon som helst.

  • Ferdig publiseringsfil vert kopiert attende til Dropbox ("sky-til-sky"), og arkivert i same mappe som råopptaket. (Deretter vert prosjektet sletta i WeVideo for å spara plass - me har "berre" avtale om 250 Gb)

  • Frå Dropbox kan så publiseringsfila publiserast på Vimeo. Det går også "sky-til-sky".

memoar skal ha fyrste kurs om dette tysdag 17/1. Bjørn ynskte ei avklaring på om maskin 1 ("musikkmaskinen") i Studio 1 kan brukast til redigering i WeVideo. Det vart avtalt, og same brukarkonto som på maskin 2 ("Intervjumaskinen") var oppretta. Brukar er Memoar, passordet det same på begge maskinane.


Bjørn 

4/1-17: Avtale etablert med WeVideo.com

lagt inn 12. jan. 2017, 03:45 av Bjørn Enes

Nærare  omtale kjem. 

15/12: Mobilstudio kjøpt inn - skal no prøvast ut.

lagt inn 12. jan. 2017, 03:44 av Bjørn Enes

(Nærare beskriving kjem)

9/11: Forsøk med teiknspråkleg intervju.

lagt inn 13. nov. 2016, 23:56 av Bjørn Enes

Teiknspråk er eit viktig minoritetsspråk i Noreg, og minneintervju på teiknspråk kan vere ein viktig måte å sikre historiane til den gruppa med døve som vaks opp før internett og mobiltelefonane si tid.  me kjem attende til utviklinga av eit slikt prosjekt. Her skal me bnerre fortelje om eit teknisk forsøk me gjorde den 9/11: 

Me brukte studio 1 i Bergen Bibliotek.  Der er det jo berre eitt kamera, medan ein føresetnad for å kunne gjennomføre eit teiknspråkintervju på video er jo at ein også ser intervjuaren. me sette derfor opp eit kamera til inne i studio. Alle som har arbeidd med to kamera, veit kor lett det er å tenkje feil slik at ein får såkalla aksebrot - og den tqabben gjorde me også i det fyrste forsøket. Dermed er både intervjuar og intervjuobjekt plasserte i samae biletkant. men så har me lært det! 

Slik vil ei korrekt oppstilling av kamera vere når me skal gjera dette "på alvor."  Under testforsøket 9/11 gjorde med også eit forsøk med simultan-tolking. Det vil seie at forteljar og intervjuar hadde kvar sin døvetolk som oversette det dei sa slik at det kom inn på same videoopptak. Dette gjrode opptaket svært levande når ein tenkjer på at det skal gjerast tilgjengeleg for folk som ikkje kan døvespråk. 

Me diskuterte om det alltid burde gjerast slik at dpøvetolkar er med under minneopptak på teiknspråkl, men kom fram til at det ikkje burde vera slik. Studioopptak vert best når berre intervjuar og forteljar er til stade - det vil sjølvsagt også gjelde teiknspråkintervju. men oversetjing kan leggjast på etterpå. Kanhende er det interessant for Høgskulen på bruke slike intervju som øvingsoppgåver for studentar på døvetolk-studiet? 

Unsett: Dette teiknar til å bli eit veldig spennande arbeidsområ\det i tida framover! 

1-10 of 12