Kompetanse

Utviklinga av "oral history" som fag- og forskingsområde begynte for alvor med bandopptakaren på 1930-talet. Ho fekk nye oppsving med kasettspelaren på 1960-talet og særleg med alt det rimelege opptaks- og lagringsutstyret som kom med den digitale revolusjonen. Særleg har det skjedd mykje i USA, Storbritania og resten av den anglofone verda. Men i Noreg har innsamling av munnleg kjeldemateriale stort sett vore avgrensa til folkloristikk. Me ynskjer å arbeida for ei meir oppdatert forståing av munnleg historie. På søknadstidspunktet ynskjer me å arbeida for:

18/8-17: Ny bloggpost om munnleg historie som immateriell kulturarv.

lagt inn 18. aug. 2017, 22:59 av Leiar Memoar   [ oppdatert 18. aug. 2017, 23:01 ]

https://memoar-framdrift.blogspot.no/2017/08/immateriell-industri-og-sjfartskultur.html
Bjørn Enes publiserte ein ny bloggpost der han argumenterer for at munnleg historie om industri og sjøfart er immateriell kulturarv, på same måte som munnleg historie frå jordbruket er det.  Målgrupa for posten er fagmiljøa som arbeider med immateriell kulturarv. Me ser på denne diskusjonen som viktig av fleire grunnar. For det fyrste meiner me at det er ein ubalanse i forhold til mange andre land i den vekta fagmiljø innan historie og kulturvitskap legg på munnleg histoire. Det vert reflektert i ABM-sektoren ved at det er langt mellom dei store munnleg historie-prosjekta. Det største spørsmålet er avleveringspørsmålet: UItan at fagmiljøa krever det, er det vanskeleg å argumentera for at det skal etablerast avleveringsstader for munnleg historie i form av dokumenterte videoopptak  enten det er på på lokal-, fylkes- eller riksplan. 

27/1-17: Oppsummering av pilotkurs i samarbeid med Bymuseet

lagt inn 28. jan. 2017, 02:20 av Bjørn Enes

I dagane 9., 16 og 26. januar 2017 gjennomførte sju medarbeidarar i Bymuseet og Bjørn Enes frå Memoar samlingar etter eit "intensiv-opplegg" av Memoar sitt introduksjonskurs til praktisk arbeid med munnleg historie. Det gjekk kort ut på:

Dag 1:

Presentasjonsrunde. Gjennomgang av presentasjonen «Munnleg historie – kva og kvifor?» (vedlagt) Presentasjon av kamera og mobilt studio. Førebuingar av tre intervju som var planlagte til dag 2.

Dag 2:

Intervju med brannmennene Tor Ivar Hjelmeland, Einar Gjessen og Øyvin Konglevoll. Kvart intervju vart gjennomført av to kursdeltakarar, med dei andre som publikum.

Etterpå visde det seg at det ikkje var lyd på opptaket med Einar Gjessen – ingen hadde lagt merke til at det ikkje var utslag på Vumeteret (lydmålaren) av di mikrofonvolumet sto i null. Feilen vart retta opp ved at to av deltakarane - Lars og Christine - gjorde intervjuet med Gjessen omatt i Biblioteket sitt studio før siste samling.

Dag 3:

Kort drøfting av erfaringane frå opptaksdagen. Gjennomgang av presentasjonen «Dokumentasjon» (vedlagt), Praktisk øving med og diskusjon om dokumentasjon av 15 minutt av intervjuet med Gjessen. Demonstrasjon av redigeringsprogrammet WeVideo.com, demonstrasjon av emneordstagging, QR-koding og geotagging/formidling gjennom vandringsruter. Evaluering. Presentasjon av Studio 1 i Bibliteket.

Evalueringsdiskusjonen var kort, men svært innhaldsrik og interessant. Eg oppfatta fylgjande råd for seinare kurs:

  • Det vil vera klokt om deltakarane får øvd seg litt meir, f.eks gjennom å intervjua kvarandre, i staden for å gå rett på "ordentlege" intervju.

  • Det var neppe klokt å bruka heile dag 2 til å gjennomføra lange intervju (ca 3 x 2 timar). Poenget med eit kurs må vera å læra teknikken – ikkje å produsera ferdig innhald.

  • Medan dag to var litt passiv (deltakarane sat og høyrde på intervju det meste av dagen), vart dag tre litt overveldande, med mykje ukjent stoff på kort tid.

Me hadde ein svært interessant diskusjon om det kan tenkjast at ein dokumentasjonsmetode kan brukast både på munnleg kjeldemateriale som skal vera offentleg tilgjengeleg, og på munnleg materiale som skal magasinerast for seinare bruk i Bymuseet si formidling. For Memoar er det svært interessant å vidareutvikla den dokumentasjonsmetoden me nyttar slik at den også tilfredsstiller museumsfaglege krav. Det er kostnadseffektivt, og det opnar for såkalla citizen science i museumssektoren.

Me hadde også ein interessant diskusjon om ein teknisk idé om "metatagg" av tidskodar i videofilar, altså at det kan leggjast inn søkbare tilleggsinformasjonar og kommentarar på bestemte stader i sjølve filmen. I Memoar sin metode vert slike ting lagt i eit tekstdokument som vert publisert saman med videofila. Det er svært interessant å drøfta med utviklarar av videoredigeringsprogram om det kan leggjast inn i sjølve videofila.

Kurset vart avslutt med eit besøk i Studio 1 i Bergen hovudbibliotek, der me raskt gjekk gjennom korleis opptak kan gjerast og korleis Studio 1 kan nyttast til redigering. Memoar tilbyr Bymuseet å bruka av våre Dropbox- og WeVideolisensar inntil vidare. Når samla aktivitet sprenger Memoar sine abonnementsavgrensingar (5Tb arkivvolum, 50 timar rendring/mnd, 50 redigeringslisensar og 250 Gb redigeringsvolum) må me enten auka fellesvolumet eller så må Bymuseet vurdera eigne lisensar.

Vidare samarbeid?

For underteikna har pilotkurset vore eit svært interessant, lærerik og ikkje minst triveleg arbeid. Memoar er open for å vidareutvikla dette samarbeidet både om

  • produksjon (intervjuopptak, dokumentering og produksjon av formidlingsstoff),

  • kompetanseutvikling (kurs, fagutvikling innan munnleg historie, utveksling med andre norske og internasjonale fagmiljø)

  • infrastrukturutvikling (permanent arkivløysing, samarbeid med tekniske miljø om programmeringsløysingar for stikkords- og emneordstagging, metatagging (som nemnt over), geotagging, QR-koing osv)

  • og organisasjon (citizen science og samarbeidsformer mellom museum, forsking og frivillig sektor).

Med dette vil eg takka hjarteleg for dette samarbeidet, Me har jo vore samde om at Bymuseet ikkje skal betala noko av Memoar sine kostnader med dette, og me vonar Bymuseet er nøgd med gevinsten av dei 21 dagsverka som tilsette i Bymuseet har lagt inn i det!

Bergen 27/1 2017









Beste helsing Bjørn Enes,

kursansvarleg / leiar av Memoar.



15/11-16: Ny bok om minneteori frå Ingar Kaldal

lagt inn 14. nov. 2016, 00:16 av Bjørn Enes

Professor Ingar Kaldal (NTNU) kjem i november -16 med boka "Minner som prosesser i sosial- og kulturhistorie" på Cappelen forlag. Dette er ei viktig hending i utviklinga av munnleg historie og minnekultur i Noreg. Forlaget presenterer boka slik: 

"Minner som prosesser drøfter hvordan det folk forteller om sitt liv, kan tolkes, forstås og brukes til å belyse sosial- og kulturhistoriske spørsmål. Boka er basert på nyere internasjonal og nordisk forskningslitteratur.

Boka ser innledningsvis på utviklingen av minneforskning og muntlig historie, fra 1800-tallets folkeminnesamlinger til flere typer historie basert på minner i nyere tid. Den drøfter i tillegg hvordan feltet har vært preget av varierende interesser og perspektiver, fra romantiske måter å forstå minner på, som uttrykk for folkesjel og tidsånd, til kulturkritiske analyser av hva språk og fortelling i minnene viser om kulturelle koder og tenkemåter.

Forfatteren går også nærmere inn på hva minner er, hvordan vi både husker, glemmer og minnes, og hvordan minner har formet folks liv. Videre drøfter han hvordan minnefortellinger kan tolkes og kritiseres på flere ulike måter – alt etter hva man er ute etter å belyse. I de to avsluttende kapitlene presenteres praktiske råd for den som vil samle inn og ta vare på minner."

Ingar Kaldal er historikar og leiar av nettverket "Arbeidsarven". Han var fagleg rettleiar under  forprosjektet til  Industri.memoar.no,  og han har også sagt ja til å ha denne rolla når hovudprosjektet kjem i gang.  Mykje av hans arbeid er publisert på hans eiga nettside Kaldal.net 

14/11: Diskusjon om kompetanseutvikling saman med større museum

lagt inn 13. nov. 2016, 23:36 av Bjørn Enes

Memoar har i dag foreslått eit konkret samarbeid med eit større museum i Hordaland. Forslaget er resultat av ein disusjon over telefon i førre veke. Det går kort fortald ut på eit pilotprosajekt alt i haust der ei gruppe museumstilsette (max 10 stk) gjennomfører eit ein-dags introduksjonskurs til munnleg historie og minneintervju, ein dag med intervjuopptak (tre intervju) og ein kursdag om etterarbeid. Memoar har tildbode å dekkja alt dette over budsjettet for Krafttak Hordlaland. 

Den andre delen av forslaget er så eit femdagars kurs i 2017 med fylgjande innhald: 
  1. Introduksjon - litt teori om munnleg historie og minnekultur (oral history). Litt om verktøyet (studio, opptaksutstyr, redigerings- og lagringsutstyr) og litt om bruk av munnleg historie i formidling, forsking etc.

  2. Intervjuet: Teori og praksis om oral history intervju (til forskjell frå journalistiske o.a. intervju).

  3. Dokumentasjon: Teori og praksis om etterarbeidet: Korleis gjere munnleg materiale søkbart. Emneordlister og videotagging. Enkel redigering. Lagring og opplsting til arkiv.

  4. Bruk av munnleg materiale i formidling, forsking, redaksjonelle og kunstneriske produksjonar. Vandringsruter og QR-koding i utstillingar.

  5. Museet  og munnleg historie: Korleis kan alt me har lært omsetjast til konkrete prosjektplanar for dei næraste åra. 

Memoar må ha inn kr. 35.000,- for å kunne gjennomføre eit slikt kurs. Denne prisen vil også gjelde for andre museum i Hordaland som måtte vere interesserte i det same.  
(Men me kan ikkje dekkja pilotprosjekt for meir en eitt museum, så skulle fleire vere interesserte også i den delen, må me ha inn kr. 10.500,- sor tilsvarande tredagars-prosjekt) 

Nytt kurs og erfaringsutveksling 12 NOV.

lagt inn 27. okt. 2016, 04:12 av Bjørn Enes

Etter oppslaga i BT og NRK har det kome ein del ny medlemmer som også etterlyser kurs. 
Eg har gjort avtale med Biblioteket om nytt kurs 12. NOV. 

1-5 of 5