Seminar‎ > ‎

Lillehammer - mandag 8. okt. (Forslag)

Fyrsteutkast til program - sendt til samarbeidspartnarane 2. juli 2018. Endringar kan koma etter innspel.
Kursansvarleg: Bjørn Enes, Memoar.  Audun Kjus frå Norsk etnologisk gransking vert også med som kursleiar. 

Frammøte: Maihaugen. Lillehammer 8/10 innan kl- 09:00.

09:00     Velkomst - presentasjonsrunde

09:30     Om Nasjonal innsamling av intervjuer med norske fotografer: Status og utfordringar 

                (Innleiar frå Norsk Folkemuseum eller Teknisk museum eller Fotonettverket)

10:15     Pause

10:30     Intervjusituasjonen - korleis får me til verdfullt munnleg kjeldemateriale? 

                 Litt om etikk og litt om teknikk - og mest om magien i den gode samtalen,

11:30     Lunsj

12:00     Etterarbeidet - korleis effektiviserar me dokumentasjonsarbeidet? Om innhaldslogging og emneordlister

12:45     Pause

13:00     Arkivering - korleis sikrar me at opptaka ikkje går tapt? 

                Om lokal arkivstrategi, Memoars arkivstrategi, Minner.no - og visjonen om eit norsk mnemotek

13:45     Pause

14:00     Minner.no - demonstrasjon av opplasting,

14:45     Pause

15:00     Minneteori og drøfting av verdi, særtrekk og manglar ved munnlege kjeldemateriale. 

                Vidare arbeid med "Fotografene forteller" og andre prosjekt som involverar seminardeltakarar. 

                Presentasjon på Memoarkonferansen 1919?

16:00     Slutt.


Påmelding:  Informasjon kjem så snart programmet er avklart. 

Seminaravgift:    Deltakarane må rekna med ei mindre seminaravgift som dekkjer lunsj og en liten del av kostnadane. (max 300,- kroner)


Comments