Lokale prosjekt

Under Krafttak ynskjer me fyrst og fremst å diskutera og utveksla erfaringar om  lokale intervjuinnsamlingar som er i gang eller under planlegging. 

Etter kvart seminar, er planen å rigga opp eit eller to mobile studio, og gjera reelle intervjuopptak saman med seminardeltakarar eller andre som driv med intervjuopptak på staden. 

I størst mogleg grad vil me gjera avtalar i god tid på førehand, både om kven som skal bli intervjua og kven som skal vera intervjuaren. Begge vil få tilsend forslaget til avtale am arkivering og bruk av opptaket - og det fyrste me vil gjera i intervjusituasjonen er å bli samde om kva me gjer med avtalen.

Opptak av munnleg historie brukar å  tid - Memoar  reknar 45 til 90 minutt som normalt. Som regel er minneintervju del av eit prosjekt med eit spesfikt fokus - det kan vera yrkesmessig, knytta til ei hending, ein organisasjon eller eit lokalmiljø. Likevel har det ofte ein stor verdi å ha eit livshistorieprerspektiv i intervjuet 

Etter kvart opptak vil me gfjerne ha tid til ein oppsummeringssamtale med intervjuaren, ho eller han som har vore foreteljaren og eventuelle tilhøyrarar, Det er mykje lærdom å henta for alle partar i slike oppsummeringar.  Me planlegg omlag tre timar til kvart intervjuopptak og oppsummeringssamtale. 

Viss me har god breidbandstilgang, vil intervjuopptaket kunne lasta opp til eit mellombels arkiv alt medan intervjuet går. Då er det viktig  ta seg tid til eit førebels dokumentasjonsarbeid: Kven har blitt intervjuat, når og kor hende det - og kva inneheld intervjuet kort fortald? Dette skriv me i ein tekstfil som vert lagt i same mappe sm originalopptaket. 

Seinare kan så forteljar, intervjuar eller ein som dei har tillit til, henta ned opptaket og tekstfila for å arbeida vidare med dokumentasjonsarbeidet - og leita etter "gullkorn" som eignar seg for bruk i utstillingar, vandringsappar eller foredrag. 

Sjå i undersidene om konkrete idear på dei einskilde stadene - og kom gjerne med forslag på forteljarar på dei ulike stadene! 


"Reserveprosjekt":

Me vil også ha med oss eit prosjektforslag som lokale interesserte kan ta over. Memoar vil utvikla ei standardisert prosjektskildring med budsjettutkast som kan eigna seg for lokal tilpassing. Den vil handla om innsamling, dokumentasjon, arkivering og formidling av lokal- og kulturhistoriske minne frå besteforeldregenerasjonen, og forteljingar om lokale oppveksttilhøve i dag, fortald av (skule)-born og unge. Slike prosjekt vil kunne vera interessante både historielag og andre frivillige organisasjonar, skular, abm-institusjonar og for frilansarar som kan tenkja seg å gjera munnleg historie til eitt av sine arbeidsfelt.