Lokale prosjekt‎ > ‎

Kristiansand - dag 2:

Laurdag 12. januar 2019 er tanken at alle kursdeltakarar som ynskjer det, skal få ta del i praktisk intervjuarbeid - som intervjuar, med-intervjuar, observatør eller tilhøyrar.  Det kan også vera veldig aktuelt å få testa intervjusituasjonen som intervjuobjekt eller forteljar, som me kallar rolla i Memoar.  


Frå kursarrangørane vil fylgjande ta del - som tekniske assistentar, medintervjuarar eller hovudintervjuarar:  Audun Kjus, Norsk etnologisk gransking, Efraim Kanestrøm, Memoar eller Bjørn Enes, Memoar.


Intervjuopptaka vil foregå i Kristiansand Folkebibliotek i sentrum av Kristiansand. Der er det etablert eit intervjustudio som kan lånast/leigast for å produsera munnleg historie. Me skal bli godt kjende med utstyr og rutinar i løpet av dagen. 


Dersom det blir aktuelt å gjera fleire intervjuopptak enn me kan rekka i studio, vil me kunna rigga til eit eller to opptakseiningar til, enten i biblioteket eller annan stad. Dette vil bli avklart etter kvart. 


Det er kursdeltakarane sine behov som vil vera avgjerande for kva slag intervju som skal gjerast. Send derfor eventruelle forslag snarast råd til prosjektleiar Bjørn Enes - bjorn.enes@memoar.no.




Opptaksplan -
Intervjustudio, KrSand bibliotek:

09:00 - 11:00: Ledig. 

11:00 - 13:00: Ledig 

13:00 - 15:00: Ledig 








Opptaksplan -
Grupperom, KrSand bibliotek:

09:00 - 11:00: Ledig. 

11:00 - 13:00: Ledig 

13:00 - 15:00: Ledig 

Opptaksplan -
Uavklart lokale:

09:00 - 11:00: Ledig. 

11:00 - 13:00: Ledig 

13:00 - 15:00: Ledig 

Comments