Lokale prosjekt‎ > ‎

Buskerud

Har du tips om gode forteljarar?

Prosjektet "Krafttak for munnleg historie" kan gi eit spennande tverrsnitt av immateriell kultur i Noreg hausten 2018. I løpet av seks månader skal frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar møtast for å utveksla kunnskap og erfaringar om intervju for å samla munnleg kjeldemateriale. På kvar stad skal me intervjua ca tre forteljarar. 

Når prosjektet er over, kan me levera ca 35 intervjuopptak frå Varanger i nordaust til Lindesnes i sørvest. 

HAR DU FORSLAG TIL EIN AV DESSE 35?

Send det i så fall - saman med ei kort grunngjeving - til leiaren av prosjektet - bjorn.enes@memoar.no
Pågåande / planlagte prosjekt i Busklerud: 


Praktisk intervjuarbeid etter seminaret 10. okt:

  • Om ettermiddag/kveld på seminardagen og heile dagen etter (fram til me må reisa) vil me gjerne arbeida saman med seminardeltakarar , musétilsette og historielagsaktive med praktisk arbeid som intervjuopptak, dokumentasjon, enkel redigering eller opplasting.
  • Av dette ser me intervju som det viktigaste. Då tenkjer eg på ganske grundige livsløpsintervju, som regel frå 45 til 90 minutt lange – gjerne med personar som er primærkjelder til viktige historiske eller kulturhistoriske prosessar. Det er veldig fint om me kan starta diskusjonen om kven som kan inviterast alt no!
  • Mange forteljsarar trivst med å ha publikum. Me vil forsøka å gjera minst eit, maklsimalt tre intervjuopptak med publikum. 
  • Andre forteljarar trivst best i ein-til-ein-intervju. Me vil ha kapasitet til å gjer nokre slike utanom dei opne intervjua. 

Førebels timeplan:



Onsdag 10. oktober:



kl 18:00 - Evt. kveldsarrangement i Nesbyen   (intervjuopptak med publikum el.a.) 


Torsdag 11. Oktober



Planen er to intervjuopptak i Ål  (kl. 9 og kl. 12) der seminardeltakarar kan vera tilhøyrarar. 

Etter kvart intervjuopptak vil det bli ein oppsummeringssamtale med forteljar og intervjuar. 

Opptaksstd vil vera Ål bibliotek eller Bygdearkivet. 

Det vil også vera rom for eit evt. tredje intervjuopptak - denne gong utan ublikum.  

Detaljar i planen vil bli klare når det nærmar seg.


Comments