Etter seminaret på Flora Kytstmuseum er tanken å arbeida med praktisk intervjuarbeid saman med musétilsette og historielagsmedlemmer i Sogn og Fjordane. Me kjem til å ha med oss to kamerariggar slik at me har utstyr og bemanning til å køyra to prallelle intervjuseriar.
Hovudformålet vil vera å nytta høvet til å arbeida saman med museumstilsette og historielagsmedlemmer og evt. andre på staden, for å utveksla erfaringar og kunnskapar og beste praksis. Det er også eit mål å grunnleggja vidare samarbeid i framtida.
Det er ein god ide å konsentrera seg om eit eller to temaområde, sidan minneinnsamlingar oftast er tematisk fokuserte.
- Kystkultur er kanskje det mest sentrale stikkordet for minnesamling i Flora.
- Eit aktuelt pågåande prosjekt er Skulenmin.no - innsamling av skuleminner i Sogn og Fjordane.
- Me har elles invitert Flora Historielag til samarbeid, og dei vil drøfta dette på styremøte tidleg i september.
Arbeidet med å bestemma fokus og gjera avtalar med intervjuobjekt held fram i samarbeid med lokale partnarar.
Teoretisk sett kan me rekka opp til åtte intervjuopptak - med god planlegging:
Opptaksplan - Mobilstudio 1 (ansv. Bjørn Enes) Dag 1: kl. 18:00-20:00: Ledig Dag 2: Kl. 09:00-11:00: Ledig. kl. 11:30-13:30: Ledig kl. 14:00-16:00: Ledig | Opptaksplan - Mobilstudio 2 (Audun Kjus) Dag 1: kl. 18:00-20:00: Ledig Dag 2: Kl. 09:00-11:00: Ledig. kl. 11:30-13:30: Ledig kl. 14:00-16:00: Ledig |