Lokale prosjekt‎ > ‎

Telemark

Har du tips om gode forteljarar?

Prosjektet "Krafttak for munnleg historie" kan gi eit spennande tverrsnitt av immateriell kultur i Noreg hausten 2018. I løpet av seks månader skal frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar møtast for å utveksla kunnskap og erfaringar om intervju for å samla munnleg kjeldemateriale. På kvar stad skal me intervjua ca tre forteljarar. 

Når prosjektet er over, kan me levera ca 35 intervjuopptak frå Varanger i nordaust til Lindesnes i sørvest. 

HAR DU FORSLAG TIL EIN AV DESSE 35?

Send det i så fall - saman med ei kort grunngjeving - til leiaren av prosjektet - bjorn.enes@memoar.no
Torsdag 10. januar skal tre eller fire personar frå kursarrangørane (Memoar, Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga og Landslaget) arbeida  saman med Telemark Historielag og studentar ved Kulturstudiet i Bø om å gjera intervjuopptak som skal gå inn i aktuelle samlingar av munnleg kjeldemateriale frå Telemark. 

I utgangpsunktet vil det bli sett av to til tre timar til kvart intervju. 
Det kan køyrast frå eit til fire parallelle intervjuopptak. Så sant dei som skal intervjuast seier ja til å ha tilhøyrarar, vil kursdeltakarar som har lyst til å observera intervju kunne vera til stade. 

Nærmare detaljar om intervjuopptaka kjem etter kvart. 

Informasjon til dei som skal intervjuast finst under menypunktet Forteljar?
Comments