Porsgrunn - halvdagskurs tirsdag 8. januar


Arrangementet i Porsgrunn er eit samarbeid med Norsk Industriarbeidermuseum og Porsgrunn bibliotek. Hovudarrangementet  er eit ettermiddagskurs om munnleg historie. Målgruppa er tilsette i musé, bibliotek og arkiv, aktive historielagsmedlemmer og andre som er interesserte i arbeid med munnleg kjeldemateriale. Det kjem til å bli eit særleg fokus på industri- og jernbanehistorie under dette arrangementet, men også folk med andre hovudinteresser vil ha utbyte av det. 

Før sjølve ettermiddagskurset er planen å gjennomføra ein fullstendig prosess med eit industrihistorisk intervju. Kujrsdeltakarar som har tid og høve til det, er velkomne til å vera observatørar under det arbeidet. Forteljaren (intervjuobjektet) frå førmiddagsøkta blir invitert til kurset om ettermiddagen for å vera med å diskutera med sine erfaringar frå å bli intervjua. 

Kursprogram: Oppmøtestad Porsgrunn Bibliotek, arrangementsromet "Hjørnet" 

  • 15:00 - Verdien av  munnleg kjeldemateriale 
  •  15:30 - Intervjusituasjonen. Etikk - opphavsrett - ytringsfridom - personvern. 
  • 16:00 - Etterarbeidet - korleis kan me gjera ein historiesamtale bevaringsverdig? (Dokumentasjon. emneord, tekstsamandrag) 
  • 17:00 - Kaffipause 
  • 17:30 - Arbeidsprosessen og verktøyet. www.minner.no
  • 18:00 - Formidling. Nettpublisering av kjeldemateriale - døme på bruk. 
  • 18:30 - Diskusjon: Er det aktuelt å starta ei intervjuinnsamling i Bamble ?
  • 19:00 - Slutt.
  •   
    Kursdeltakarane kan også observera under eit intervju:

    I tidsromet 08:00 - ca, 10:30 (same dag 8/1-19) er planen å gjennomføra eit munnleg historie-intervju med ein person som er primærkjelde til industri- eller jernbanehistoria i Telemark.

    Så sant ho/han som skal intervjuast seier ja til det, vil kurs-deltakarar vera velkomne til å vera tilhøyrarar/observatørar. 

    Det er enno ikkje avgjort kven som skal intervjuast. Kom gjerne med forslag til epostadresse post@memoar.no eller på telefon til prosjektleiar Bjørn  Enes, 41516745. 



    (Bildet: Frå eit tidlegare minneintervjui med publikum på Sjøfartsmuseet i Bergen)
    Kursdeltakarane kan observera etterarbeidsprosessen:

    I tidsromet kl 11:00 - 14:00 (same dag, 8/1-19) skal prosjektteamet forsøka å gjennomføra denne etterarbeidsprosessen: 
    • Råstoffet skal lastast opp til prosjektarkiv. 
    • Opphavsrett skal avtalast. Innhaldet skal vurderast etisk 
    • Innhaldet skal dokumenterast med ein logg og ein tekst.
    • Råstoffet skal redigerast til ein publiseringsklar video. 
    • Dokumentasjon og video skal leggjast ut på ei ny prosjektnettside Telemark.memoar.no. Videoen skal ha passord. Når forteljaren ber om det, skal passordet fjernast. 
    • Dokumentasjon og video skal overførast til www.minner.no
    (Bildet: Flytskjema - etterarbeidsprosessen)

    Comments