Prosjektskildring

Samandrag: Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie, Landslaget for lokalhistorie, Norsk etnologisk gransking og Folkeminnesamlinga samarbeider i 2018 om eit krafttak for å få opp interesse og aktivitet omkring munnleg historie («oral history») i Noreg.

Prosjektgruppa ynskjer å gjennomføra ein kombinert møte- og kursserie i minst 12 fylke, i samarbeid med historielag, bibliotek, musé og lokalarkiv. Målet er å inspirera til lokale minnesamlingsprosjekt, etablering av lokal infrastruktur, prøving av den nye nettstaden Minner.no og oppfylgjingstiltak.

I løpet av prosjektperioden vil gruppa også diskutera seg fram til ei tilråding på spørsmål om det er behov og interesse for ein norsk organisasjon med særleg fokus på munnleg historie.

Bakgrunn:

Munnleg historie («oral history») har lange og sterke tradisjonar i Noreg. (Eilert Sundt, Ingebret Moltke Moe, Edvard Bull d.y., Dagfinn Slettan, mfl). Interessa for munnlege tradisjonar og munnlege kjelder for historie har gått i bylgjer, og mykje tyder på at ei ny bylgje av interesse bygger seg opp no. (Eksempel: Arbeidsarven, Østfoldmuseene/Prosjekt Borregårdsamfunnet, Sjøfartsmuseet i Bergen, Industriarbeidermuseet/munnleg industriell kulturarv i Telemark, Sjøllingstad Uldvare og immateriell kulturarv mfl.)

Internasjonalt ser me same utvikling. Ei rekke land har pågåande innsamlingar av munnlege livsforteljingar (UK, Nederland, Latvia, Spania (Catalonia)), og det pågår mange kulturarvs- og forskingsprosjekt der munnlege kjelder er sentrale (LHBT-prosjekt, lokalkultur, yrkeshistorie etc etc). Det har alltid vore nær samanheng mellom denne utviklinga og framveksten av ny teknologi for opptak og arkivering av munnlege kjelder (Voksrullar – magnetwire – magnetband – kassettspelar – digitale opptaksformat).

Norsk etnologisk gransking si etablering av nettstaden Minner.no er eit tiltak som vil kunne skapa ein ny giv for denne utviklinga i Noreg. Nettstaden er både ein historisk/kulturhistorisk kjeldebase og eit formidlings- eller delingsmedium, der musé, arkiv, bibliotek, frivillige organisasjonar og privatpersonar sjølve kan samla erfaringar, kunnskapar og minne frå privatpersonar i form av tekst, fotografi og lyd/video/filmopptak om munnleg historie.  

Neste side: Utfordringar