Marknadsføring / Formidling

Plan for marknadsføring:

Arbeidet for å gjera prosjektet kjend i forkant vil vera ein viktig del av førebuingsarbeidet. Prosjektet vil bli lansert under Memoarkonferansen i Bergen i februar 2018. Straks finansieringa er klar, vil me starta aktiv marknadsføring retta mot historielag, bibliotek, musé og arkiv i dei byane som skal besøkast. I tillegg vil me vil nytta sosiale media i høg grad, fyrst og fremst Facebook og Twitter.

Under gjennomføringa vil møter med lokal presse vera ein del av programmet.

Etter kvart besøk, vil hovudfokus vera å vedlikehalda nettverket av personar, lag og institusjonar. Me vonar også å få høve til å marknadsføra prosjekt og prosjektresultat på Memoarkonferansen 2018, Historielagskonferansen 2018 og Memoarkonferansen 2019.

Formidling:

Det vil vra to historier å formidla under og etter prosjektet. Det eine vil vera materiale produsert, det andre vil vera sjølve utviklinga av arbeid og samarbeid med munnleg historie og minnekultur over heile landet.

Produsert materiale i form av minneforteljingar vil bli formidla gjennom Minner.no og Memoar.no. Derifrå vil dei vidareformidlast gjennom sosiale media. Gode minneforteljingar er erfairngsmessig også interessant for lokale media.

Den meir faglege formidlinga vil gå gjennom organisasjon og nettverk og bloggane til Landslaget for lokalhistorie og Memoar. I forkant av sjølve krafttaket vil både Audun Kjus, Line Esborg og Bjørn Enes formidla deler av planane under sine foredrag på Memoarkonferansen 2018. Me vonar å få presentera ein midtvegsrapport på Historielagskonferansen hausten 2018, å gjennomføra ein avsluttande workshop på den planlagte Memoarkonferansen 2019. Og ein sluttrapport vil bli avlevert til kvar av samarbeidspartnarane pluss Kulturrådet. Den vil også bli publisert. 

Neste side: Budsjett

Comments