Prosjektplanen

Prosjektgruppa er etablert med denne samansetjinga:

  • Bjørn Enes, (leiar og prosjektmedarbeidar i Memoar).

  • Tor Anders Bekken Martinsen, (generalsekretær i Landslaget for lokalhistorie).

  • Line Esborg, (fagansvarleg leiar i Folkeminnesamlinga).

  • Audun Kjus, (fagansvarleg leiar i Norsk etnologisk gransking).


Gruppa vil samlast under Memoarkonferansen i februar 2018 (sjå Memoarkonferansen.no) for å gjera endelege vedtak om fagleg fokus og organisatorisk gjennomføring. Deretter vil møte- og kursserien bli gjennomført slik at ein avsluttande workshop med konklusjonar kan haldast innan våren 2019, mest sannsynleg i samband med den planlagte Memoarkonferansen 2019.

Reiseruta:

Endeleg konklusjon om kor prosjektet skal reisa vil bli bestemt når finansieringa er klar. Målsetjinga vil vera å gjennomføra fire reiser, kvar av dei til tre stader i like mange fylke. I alt er planen å rekka 12 ulike stader i 12 ulike fylke, .

På kvar stad gjennomfører gruppa

  • møter med interesserte lokalorganisasjonar (Historie/sogelag, kulturminnelag, bibliotek, musé, lokalarkiv og deira venneforeiningar, kommunal/fylkeskommunal kulturadm. m.v.)

  • to kurssamlingar for interesserte einskildpersonar (ein dag om intervju/innsamling og ein dag om dokumentasjon/arkivering/formidling).

  • så sant råd, vert det og halde eit ope møte i samarbeid med ein eller fleire lokale arrangørar.

Målet på kvar stad vil vera å

  • fremja interesse for å ta opp arbeidet med å samla inn, bevara og formidla munnleg historie i form av dokumenterte lyd- eller videoopptak.

  • Fremja kjennskapen til og bruken av Minner.no

  • I størst mogleg grad initiera lokale samarbeidsprosjekt for å etablera offentlege intervjustudio (i bibliotek eller lokalarkiv), planlegga oppfylgjingskurs for å utvikla profesjonelle og frivillige intervjuarar og dokumentasjonsarbeidarar og ta initiativ til nye lokale eller nasjonale minneinnsamlingar i form av dokumenterte lyd- og videoopptak.

Neste side: Reiseruta


Comments