Utfordringar:

Teknologisk sett ligg alle forhold til rette for eit nytt sprang i utviklinga. Svært store deler av befolkninga går rundt med ein kombinert opptakar og formidlingsterminal i lomma. Kostnadane for arkivering av lyd- og video er i fritt fall. Ein delingskultur har utvikla seg gjennom sosiale media. På same tid ser me ein tilbakegang i interessa for meir tradisjonelle format. Det kan mellom anna sjå ut til at mange i vår tid vegrar seg meir enn før for å skriva – noko som mellom anna kan ha råka den fjerde minneinnsamlinga som starta i 2012.

I 2015 begynte den nystarta organisasjonen Memoar å samla inn og arkivera munnleg historie i form av dokumenterte videoopptak. Våre erfaringar så langt tyder på at dette er eit format som appellerer. Svært mange ynskjer å fortelja. Det som skal til for at forteljingane skal bli til bevaringsverdige minnesamlingar, er at det finst infrastruktur, organisasjon og kompetanse i ABM-institusjonar, kulturnæringar, historielag og liknande frivillige organisasjonar over heile landet. Det er denne siste hovudutfordringa dette prosjektet skal ta tak i.

Neste side: Prosjektplanen

  
Comments