Samarbeid

Fire institusjonar står bar "Krafttak for munnleg historie i Noreg":
I løpet av 2018 skal dette partnarskapet utvidast med soge- og historielag, kulturvernforeningar, bibliotek, musé og arkiv, frilansarar og interesserte enkeltpersonar over heile Noreg. 

På kvar av dei tolv stadene vil me forsøka å koma i møte med bibliotek, musé og lokalarkiv, kommunal/fylkeskommunal kulturadministrasjon, frivillige organisasjonar som sogelag/historielag, kulturvern- og slektshistorieforeiningar og ikkje minst einskildpersonar som engasjerer seg i minnesamling. Me vil også forsøka å få arrangert møte med lokale media, for å få ut oppmodingar om å samla, dokumentera, bevara og dela/formidla munnleg historie.

På desse møtene vil me reisa spørsmål om å etablera offentlege intervjustudio i bibliotek, lokalarkiv eller museum, organisera utdjupande kurs, registrera og leggja planar for digitalisering/avlevering av lokale samlingar og spørsmål om nye lokale prosjekt innan munnleg historie og minnekultur.  



Comments