2/7-2018 presenterte prosjektleiar dette forslaget for samarbeidspartnarane: Oppmøtestad: Glomdalsmuseet på Elverum, fredag 12. oktober. 09:00 Velkomst - presentasjonsrunde 09:30 Om innsamling og arkivering av munnlege kjelder til roman/tater kultur og historie. Erfaringar og utfordringar. (Innleiar Mari Møystad?) 10:15 Pause 10:30 Intervjusituasjonen - korleis får me til verdfullt munnleg kjeldemateriale? Litt om etikk og litt om teknikk - og mest om magien i den gode samtalen, 11:30 Lunsj 12:00 Etterarbeidet - korleis effektiviserar me dokumentasjonsarbeidet? Om innhaldslogging og emneordlister 12:45 Pause 13:00 Arkivering - korleis sikrar me at opptaka ikkje går tapt? Om lokal arkivstrategi, Memoars arkivstrategi, Minner.no - og visjonen om eit norsk mnemotek 13:45 Pause 14:00 Minner.no - demonstrasjon av opplasting, 14:45 Pause 15:00 Minneteori og drøfting av verdi, særtrekk og manglar ved munnlege kjeldemateriale. Vidare arbeid med prosjekt som involverar seminardeltakarar. Presentasjon på Memoarkonferansen 1919? 16:00 Slutt.
Påmelding: Opplysningar om påmelding kjem så snaret programmet er avklart. Deltakaravgift: Det må påreknast ei mindre deltakaravgift (max 300. kr). Summen blir avklart når programmet er klart. Målgruppe: Profesjonelle og frivillige kulturarbeidarar i hovudsak frå Hedmark. Kommentarar til forslaget? Skriv til bjorn.enes@memoar.no |