Bø i Telemark - seminar onsdag 9. januar 2019

https://nia.no/

Telemark Historielag og historiestudiet ved Universitetet i Sørøst-Norge er samarbeidspartnarar når Memoar kjem til Bø i Telemark med kurset "Minnesamling med video" onsdag 9. januar 2019. (Det blir også eit halvdagskurs i Porsgrunn dagen før - les om det her

Hovedmålgrupper for kurset er historielagsmedlemmer, studentar, museumstilsette og andre profesjonelle eller frivillige som arbeider med lokal-, kultur- eller allmenn historie. Sjølve kurset går frå kl 09-16. Seinare om kvelden 9/1 og heile torsdag 10/1 skal me arbeida praktisk med intervjuopptak, og kursdeltakarane er velkomne til å vera med på det også. 

Kurset er ein del av prosjektet "Krafttak for munnleg historie" (http://krafttak.memoar.no)  Bakgrunnen er den sterkt aukande interessa for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst bruka munnlege kjelder, både i musé, forsking og i det frivillige historiearbeidet. 

Hovudansvarleg er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Medarrangørar er - utanom Telemark Historielag og USN Bø - Norsk etnologisk gransking, Landslaget for lokalhistorie og Folkeminnesamlinga. Forelesarane på kurset blir Bjørn Enes frå Memoar og  Audun Kjus frå NEG 


Oppmøtestad:   Universitetet i Bø. (Detaljar om rom kjem seinare)


09:00    Velkomst - presentasjonsrunde 
09:30    Bjørn Enes: Om målet med Krafttak Memoar - auka aktivitet og samarbeid om minnesamling i Noreg presentasjon)
10:10   Pause
10:25    Erfaringar, planar og utfordringar med intervjuinnsamlingar i Telemark. 
                Kort introduksjon til samtale ved Jens Johan Hyvik, Telemark Historielag.
11:00    Pause - 
11:15.   Audun Kjus (Norsk etnologisk gransking) : Minner som kilder – historie og teori
11:55    Lunsj
12:30    Intervjusituasjonen
Om etikk og teknikk - og magien i den gode samtalen
12:45    Pause
13:00    Etterarbeidet  
Feltdagbok, innholdslogg, etisk vurdering, redigering
13:40    Pause
13:55    Arkiveringen - Memoar.no i prosessen, Minner.no for evigheten
14:55    Pause 
15:10    Vidare arbeid med lokale prosjekt - Presentasjon på Memoarkonferansen 1919
16:00    Slutt


Påmelding:
  • Påmelding gjennom TicketCo
  • Alle interesserte er velkomne til å ta del i kurset. 
  • Kursavgift: 150,- kroner (OBS: Deltakarane må ta med matpakke eller kjøpa lunsj i USN-kantina). 
  • (Studentar frå USN Bø og medlemmer av Memoar  får delta gratis. Medlemskap i Memoar kostar 300,-/år)
Dag 2:
Torsdag 10. januar er planen å gjera reelle intervjuopptak i samabeid med folk frå Telemark Historielag og studentar ved Kulturstudiet i Bø (USN),  Interesserte kursdeltakarane kan bli med på dette arbeidet, som observatørar, med-intervjuarar eller intervjuarar.  Føresetnaden er at dei som skal intervjuast seier ja til å ha tilhøyrarar.  Detaljar om korleis dag 2 blir vil bli publisert under Lokale prosjekt/Telemark etter kvart som dei blir klare. 
Lunsj  dag 2 vil ikkje vera inkludert - ta med matpakke!

Forslag til intervjuopptak?
Dersom du har forslag til person(ar) som bør intervjuast under det praktiske intervjuarbeidet  vil  me gjerne at du sender nokre ord om det også til post@memoar.no. 

Det er planlagt opptak om kvelden onsdag 9 og heile torsdag 10. nov. 

Vel møtt!!


https://memoar.ticketco.events/no/nb/e/kurs__minnesamling_med_video_i_troms





Comments