Seminar på Glomdalsmuseet (Forslag) 12. oktober

2/7-2018 presenterte prosjektleiar dette forslaget for samarbeidspartnarane:

Oppmøtestad: Glomdalsmuseet på Elverum, fredag 12. oktober.

09:00 Velkomst - presentasjonsrunde

09:30 Om innsamling og arkivering av munnlege kjelder til roman/tater kultur og historie. Erfaringar og utfordringar. (Innleiar Mari Møystad?)

10:15 Pause

10:30 Intervjusituasjonen - korleis får me til verdfullt munnleg kjeldemateriale? Litt om etikk og litt om teknikk - og mest om magien i den gode samtalen,

11:30 Lunsj

12:00 Etterarbeidet - korleis effektiviserar me dokumentasjonsarbeidet? Om innhaldslogging og emneordlister

12:45 Pause

13:00 Arkivering - korleis sikrar me at opptaka ikkje går tapt? Om lokal arkivstrategi, Memoars arkivstrategi, Minner.no - og visjonen om eit norsk mnemotek

13:45 Pause

14:00 Minner.no - demonstrasjon av opplasting,

14:45 Pause

15:00 Minneteori og drøfting av verdi, særtrekk og manglar ved munnlege kjeldemateriale. Vidare arbeid med prosjekt som involverar seminardeltakarar. Presentasjon på Memoarkonferansen 1919?

16:00 Slutt.

Påmelding: Opplysningar om påmelding kjem så snaret programmet er avklart.

Deltakaravgift: Det må påreknast ei mindre deltakaravgift (max 300. kr). Summen blir avklart når programmet er klart.

Målgruppe: Profesjonelle og frivillige kulturarbeidarar i hovudsak frå Hedmark.

Kommentarar til forslaget? Skriv til bjorn.enes@memoar.no