Oppland

Pågåande / planlagte innsamlingar/moglege intervjutema:

    • Minner fra frivillige ved OL i 1994

    • Lågåsildfiske

    • Minner om Gråhøgdbu – ei hytte tilhørende Turistforeningen som er flyttet til museet

    • Fotografen forteller. Nasjonal innsamling av intervjuer med norske fotografer.

Praktisk intervjuarbeid etter seminaret 8/10-2018:

    • Om ettermiddag/kveld på seminardagen og heile dagen etter (fram til me må reisa) vil me gjerne arbeida saman med musétilsette og historielagsaktive med praktisk arbeid som intervjuopptak, dokumentasjon, enkel redigering eller opplasting.

    • Av dette ser me intervju som det viktigaste. Me kan tenkja oss å rigga eit eller to intervjustudio i museet eller i eit offentleg bibliotek i regionen, og invitera det me i Memoar kallar forteljarar dit. (Andre kallar dei informantar, meddelarar eller rett og slett intervjuobjekt).

    • Me kan maksimalt rekka 8 djupintervju i løpet av den tida me har til disposisjon. Etter kvart intervju vil me gjerne ha ein ettersamtale med forteljar, intervjuar og andre som blir med på gjennomføringa som tilhøyrarar eller medintervjuarar.

    • Avhengig av interessa til deltakarane kan me evt. heller bruka delar av tida til opplasting av råstoff til mellombels arkiv, redigering, dokumentasjon, arkivering og opplasting til Minner.no.

Her er forslag til timeplan:

HAR DU TIPS OM GODE FORTELJARAR?

Prosjektet "Krafttak for munnleg historie" kan gi eit spennande tverrsnitt av immateriell kultur i Noreg hausten 2018. I løpet av seks månader skal frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar møtast for å utveksla kunnskap og erfaringar om intervju for å samla munnleg kjeldemateriale. På kvar stad skal me intervjua ca tre forteljarar.

Når prosjektet er over, kan me levera ca 35 intervjuopptak frå Varanger i nordaust til Lindesnes i sørvest.

HAR DU FORSLAG TIL EIN AV DESSE 35?

Send det i så fall - saman med ei kort grunngjeving - til leiaren av prosjektet - bjorn.enes@memoar.no

Mandag 8. oktober:

Kl 09:00 -16:00: Seminar på Maihaugen

kl 18:00 - 18:30 Rigging av eit eller to studio,

(evt. ein arbeidsstasjon for etterarbeid.

kl.18:30 - 21:00 Eventuelt Opptak 1/ Optak 2

Tysdag 9. Oktober - Maihaugen, Lillehammer:

kl. 09:00 – 11:00 Opptak 3 / Etterarbeidsøkt 1

kl. 12:00 - 14:00 Opptak 4 / Etterarbeidsøkt 2

kl. 14:30 -16:30 Opptak 5 / Opptak 6

6:30 - 17:30 Nedrigging av studio

Avreise ca kl 17:00

Tysdag 9. Oktober - Gjøvik Bibliotek (tentativt):

kl. 09:30 – 11:30 Opptak 7 eller Etterarbeidsøkt

kl. 12:30 - 14:30 Opptak 8 eller Etterarbeidsøkt

kl. 15:00 -17:00 Opptak 9

17:00 - 17:30 Nedrigging av studio - avreise ca 17:30