Forteljar?

Har du blitt spurd om å bli intervjua?

Eller lurar du på om du skal melda deg på?

Her kjem litt informasjon om kva det går ut på:

Kvifor intervjuar me?

Alle har ei forteljing å dela. Kvar einaste av oss er unike kjelder til ein del av historia om vår tid og vår nære fortid. Framtida treng eit rikt kjeldemateriale om dette, og når det no har blitt så enkelt og så billegg å ta vare på mujnnlege foreteljingar frå "vanlege folk" - då må me gjera det.

Me treng å lagra forteljingar om levetida vår - korleis det var å veksa opp i lokalsamfunnet, og korleis det såg ut. I dag veit me for eksempel at det er interessant å høyra om grasbøane i bygda, for i dag er dei grodde til med skog. For førti, femti år sidan visste ingen at det kunne bli interessant. På same vis kan ting som i dag er kvardagslege og sjølvsagte bli veldig viktige for folk i framtida.

Me treng å høyra om skuletida, og arbeid og reidskapar og måtar me laga ting på. Mykje kunnskap blir borte når nye verktøy kjem. Og me treng å minnast korleis me arbeidde saman - og korleis me var saman på fritida.

Store hendingar er viktige å ha mange kjelder til. Det er ikkje nok med ein offisiell rapport eller eit avisreferat om kva som hende. Alle involverte såg hendinga på ulikt vis, alle er tidsvitner.

Ikkje berre for framtida:

Å dela forteljingane her og no har også fått ein ny verdi. For den moderne arbeidsdelinga og modere kommunikasjonar og organsering har gjort at me veit mindre enn før om kvarandre. "Ghettoisering" er blitt eit trekk ved tida. Mange kjenner berre folk som liknar på dei sjølve. Derfor har det å dela forteljingar også verdi for samtida!

Du bestemmer bruken:

Før me startar opptaket, gjer me ein avtale om at du kan angra etterpå og bestemma deg for likevel ikkje å dela opptaket. Her er avtaleteksten som me foreslår.

Korleis foregår det?

Det er enkelt, avslappa og hyggeleg. Det er ein vanleg samtale mellom ein nysgjerrig tilreisande og ein (eller fleire) forteljarar med verdfulle kunnskapar og minnerike opplevingar å sjå tilbake på.

Dei nyssgjerrige er - i dette prosjektet - enten ein frå det lokale museet eller ein av desse tre:

Bjørn Enes: Gamal industriarbeidar, journalist i mange år, no entusiastisk minnesamlar og leiar av Memoar. Busett i Bergen, men mange kjenner han som Kristiansandar. (Han er med på heile turneen)

Audun Kjus: Visesongar, fløytespelar, forklorist med doktograd om forteljingsstrategiar i straffesaker. Til dagleg sjef for Norsk etnologisk gransking - som har samla minner sidan 1946. (Han er med på heile turneen)

Line Esborg: Sagnekspert, forskar i forteljingar, Fagansvarleg for Folkeminnesamlinga - som har teke var på både sanne og usanne forteljingar heilt sidan 1914. (Med i Finnmark. Troms, Telemark og Agder)

Efraim Kanestrøm, tidlegare sjømann, yrkesmilitær og industrimann, nå bokantikvar og prosjektmedarbeidar i Memoar. føter på NordMøre - base i Bergen. Blir med til Trøndelag, Møre, Sogn, Østfold/Vestfold, Telemark og Agder)

Me brukar nokre knøttsmå kamera som du gløymer før fyrste minutt er unnagjort. Du har full kontroll på opptaket - du får det på epost ein dag eller to etter opptak, og det er du som bestemmer om det skal delast med nokon.

I dette prosjektet vil me gjerne vera fleire som intervjuare deg på ein gong, både ein av oss tre og opp til fleire lokale. Det er både for at intervjuet skal bli best råd - og for at me intervjuarane skal læra av kvarandre.

Kva kjem intervjuet til å handla om?Formålet med Krafttak-prosjektet er å få opp aktiviteten med å samla inn, arkivera og bruka munnleg historie i Noreg.

Under rundreisa i 2018 har me ikkje noko spesifikt tema for intervjua - det vil vera ulikt på kvar plass.

Museet har fyrste-valet:

På kvar stad samarbeider me med eit museum. Mange av dei alt i gang med innsamling av munnleg kjeldemateriale Andre har konkrete planar om å starta. Og nokre ser ein sjanse til å sikra seg eit intervju som dei veit at museet gjerne skulle ha.

  • Me som kjem tilreisande er innstilte på å prioritera intervjuopptak som museet ynskjer.

Lokal historie er andre prioritet:

Viss ikkje museet har spesielle ynskjer, vil me gjerne nytta dette høvet til å starta opp lokale intervjuinnsamlingar saman med frivillige eller profesjonelle kulturarbeidarar (historielag, museumstilsette, bibliotek, enkeltpersonar).

Saman med deivil me gjerne gjera intervjuavtalar med folk som kan fortelja om lokale forhold og lokal historie i "manns minne". Ein handverkar som kan fortelja korleis hans arbeid har endra seg, ein fiskar eller ein som kjenner reindriftshistoria, ein som kjenner den lokale industrihistoria dei siste 30-40 åra - eller gamlelæraren, eller politikaren eller bygdediktaren. Kort sagt: Alle har ei forteljing å dela!

  • Me vil gjerne starta opp ei samarbeid som kan halda fram vidare.

Eksisterande prosjekt er tredje prioritet:

Viss ingen av dei to nevnte prioriteringane er aktuelle, vil me gjerne nytta høvet til å supplera pågåande innsamlingar. Intervju vil jo då handla om prosjekttemaet. og me vil vera ute etter forteljarar som er primærkjelder til det. Dei mest aktuelle er desse:

- og heile tida er me opne for å tenkja om :-)

Kom gjerne med heilt andre forslag. Me er veldig opne for å tenkja annleis enn det med gjorde i "skrivebordsplanen"!

DETTE SKJER MED OPPTAKET:

Opptaket foregår som ein hyggeleg sasmtale. Den blir filma med enkle og små videokamera.

Etter intervjuet blir opptaket lasta opp til Memoars mellombels arkiv i "nettskya" (Dropbox).

Forteljaren får tilgang til opptaket så snart det er på plass.

Viss forteljaren seier ja til det, får museet (Varanger Museum / Varanger Samiske musuemn) lov til å lasta det opptaket ned for å arkivera det og bruka det i sitt arbeid.

Viss forteljaren seier ja til det, blir ein publiseringsversjon av opptaket lasta opp til Minner.no og/eller Memoar.no. Der vil alle interesserte kunna sjå det.