Vest-Finnmark

Arbeidet med å planlegga intervjuopptak i Alta og Hammerfest er i full gang. Sjå meir informasjon om kvifor og korleis det foregår under Forteljar?

Vil du melda deg på for å fortelja?

Eller har du forslag om folk som bør intervjuast?

Kontakt

    • Kristin Nicolaysen på Alta Museum, epost eller tlf. 906 84 707 - eller

    • Line Esborg /Folkeminnesamloinga arbeider med planane i Hammerfest - epost eller tlf 922 25 449

    • Bjørn Enes, Memoar, epost eller tlf 415 16 745

Me vil arbeida med to opptaksteam. Etter kvart som intervjuavtalar er gjort, vert det ført inn i timeplanen nedanfor. Ved behov kan det bli aktuelt å etablera eit tredje team.

DETTE SKJER MED OPPTAKET:

Opptaket foregår som ein hyggeleg sasmtale. Den blir filma med enkle og små videokamera.

Etter intervjuet blir opptaket lasta opp til Memoars mellombels arkiv i "nettskya" (Dropbox).

Forteljaren får tilgang til opptaket så snart det er på plass.

Viss forteljaren seier ja til det, får museet (Alta Musuem i Alta eller Gjenreisingsmuseet i Hammerfest) lov til å lasta det opptaket ned for å arkivera det og bruka det i sitt arbeid.

Viss forteljaren seier ja til det, blir ein publiseringsversjon av opptaket lasta opp til Minner.no og/eller Memoar.no. Der vil alle interesserte kunna sjå det.

Opptaksplan -Team 1 og 2:

Mandag 3.sept:

09:00-16:00: Seminar på Alta Museum

17:00-19:30: Kveldsarrangement m. intervjuopptak på Alta Museum Tema: Lokal historie fra 1930-talet fram til i dag. Mathis Sara Johansen og Jørgen Sara

Tirsdag 4.sept:

10:00-12:30: Medvirkningsrommet, Alta Museum Reservert.

Tema: Altaaksjonen m/ Arvid Nilsen (Tidl. leder av Altaaksjonen)

Paralellopptak 13:00-15:30:

Alta Museum (Medvirkningsrommet):

Tema: Lokal historie, krigshistorie, evakuering, gjenreiseing fram til i dag. Ranveig Pedersen.

Alta Museum (anna rom):

Tema: Oppvekst i Alta, opplevelser rundt krigen, forholdet til gjenstander og nyttegjøring/ forbruk før og nå. Lillian Heitmann

17:45: Team 1 til Hammerfest med Vargsundekspressen

19:30: Ope møte på Gjenreisingsmuseet i Hammerfest;

Onsdag 5. sept:

(09:30 - 11:30: Hammerfest - lokale uavklart Ledig. )

Onsdag 5. sept - paralellopptak:

09:30 - 11:30: Intervjuopptak Gjenreisingsmuseet (Ledig).

09:30 - 11:30: Intervjuopptak Gjenreisingsmuseet (Ledig).

Heile teamet - avreise Hurtigruta 12:45

Opptaksplan - Team 3:

Mandag 3.sept:

09:00 - 16:00 - Seminaret

17:00 - 19:30 - Deltar på kveldsarr. Alta

Tirsdag 4.sept:

07:00 - Team 3 til Hammerfest med Vargsundekspressen

Div. møter

Evt. opptak mogleg kl 11:30-13:30: og evt. 14:00 - 16:00:

19:30 -21:30: Ope møte på Gjenreisingsmuseet i Hammerfest om innsamling av munnleg kjeldemateriale om barndom under krige og evakuering.

Onsdag 5. sept:

009:30 - 11:30: Intervjuopptak Gjenreisingsmuseet (Ledig).

Heile teamet - avreise Hurtigruta 12:45

Notatar frå forarbeidet:

Etter seminaret 3/9 på Alta Museum er planen å gjera intervjuopptak i Alta og/eller Hammerfest.

Fyrste prioritet vil vera intervju som er aktuelle i prosjekt som Alta Museum, Alta Historielag eller Kystmuseene i Finnmark arbeider med. Aktuelle tema kan vera:

    • Tidsvitner fra 2. verdenskrig,

    • Altasaken

    • Kåfjord Kobbergruve

    • Fiskarliv

    • Fotohistorie i Vest-Finnmark

    • Kulturminnearbeid

I den grad det vert ledig intervjutid, vil Memoar og NEG også vera interesserte i kontakt med folk som kan fortelja om:

    • Sjøfartsliv, industri, Migrasjon, Motkultur ("68-arane") eller generelle livsforteljingar,

    • "Ung i fjellet", Klimaendringar, Hytteliv, Lek i barndomen eller generelle livsforteljingar.

Andre tips:

Språk? http://altasg.no/norsk

HAR DU TIPS OM GODE FORTELJARAR?

Prosjektet "Krafttak for munnleg historie" kan gi eit spennande tverrsnitt av immateriell kultur i Noreg hausten 2018. I løpet av seks månader skal frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar møtast for å utveksla kunnskap og erfaringar om intervju for å samla munnleg kjeldemateriale. På kvar stad skal me intervjua ca tre forteljarar.

Når prosjektet er over, kan me levera ca 35 intervjuopptak frå Varanger i nordaust til Lindesnes i sørvest.

HAR DU FORSLAG TIL EIN AV DESSE 35?

Send det i så fall - saman med ei kort grunngjeving - til leiaren av prosjektet - bjorn.enes@memoar.no