Aust-Finnmark - Seminar i Varangerbotn 31. august
Oppmøtestad Varjjat Sámi Musea / Varanger Samiske Museum, Varangerbotn, fredag 31/8 kl 09
09:00 Velkomst v/ Ingvild Bjørnå Pettersen.
Presentasjonsrunde
09:30 Erfaringar, med forskingsintervju i Varanger - Jorunn Jernsletten .
10:15 Pause
10:30 Intervjusituasjonen - korleis får me til verdfullt munnleg kjeldemateriale? (Bjørn Enes, Audun Kjus, Line Esborg).
Om etikk og teknikk - og magien i den gode samtalen,
11:30 Lunsj
12:00 Etterarbeidet - korleis effektiviserar me dokumentasjonsarbeidet?
Innhaldslogging og emneordlister
12:45 Pause
13:00 Arkivering - korleis sikrar me at opptaka ikkje går tapt? Om lokal arkivstrategi, Memoars arkivstrategi, Minner.no - og visjonen om eit norsk mnemotek
13:45 Pause
14:00 Minner.no – bakgrunn og demonstrasjon
14:45 Pause
15:00 Minner som kilder til kunnskap – historie og teori
Vidare arbeid med lokalt prosjekt - Presentasjonm på Memoarkonferansen 1919?
16:00 Slutt.
Opplegg for praktisk arbeid laurdag 1. sept - sjå under lokale prosjekt
Påmelding:
Alle interesserte er velkomne til å ta del i kurset.
Kursavgift: 300,- kroner.
(Medlemmer av Memoar og tilsette ved Varanger Samiske Museum får delta gratis. Medlemskap i Memoar kostar 300,-/år)
Pr 27/8 er 15 påmelde til kurset i Varangerbotn I tillegg kjem tre tilreisande - i alt 18 deltakarar.
Dag 2:
Laurdag 1. sept. skal det gjerast reelle intervjuopptak i samabeid mellom folk frå Varanger Museum, historielag i regionen, Norsk etnologisk gransking, Folkeminnesamlinga og Memoar m.fl.. Interesserte kursdeltakarane kan bli med på dette arbeidet, som observatørar, med-intervjuarar eller intervjuarar. Føresetnaden er at dei som skal intervjuast seier ja til å ha tilhøyrarar. Detaljar om korleis dag 2 blir vil bli publisert under Lokale prosjekt/Varanger etter kvart som dei blir klare.
Lunsj dag 2 vil ikkje vera inkludert - ta med matpakke!
Forslag til intervjuopptak?
Dersom du har forslag til person(ar) som bør intervjuast under det praktiske intervjuarbeidet laurdag 1/9 vil me gjerne at du sender nokre ord om det også til post@memoar.no. Det beste er om intervjuobjekt kan koma til Varangerbotn, men me kan også flytta utstyr og intervjuar til annan stad i Varanger.
Vel møtt!!