Hedmark
Pågåande / planlagte prosjekt i Hedmark:
Romanifolkets/taternes kulturminner- historier rundt steder. Dette kan både være stedene der romanifolket/taterne slo seg ned (sletter, viker, naust etc.) men det kan også være skysstasjoner, kjente hus (eks Milla huset) eller institusjoner som for eksempel Svanviken arbeidskoloni. Romanifolkets/taternes livshistorier.
Praktisk intervjuarbeid etter seminaret 12/10:
Om ettermiddag/kveld på seminardagen og heile dagen etter (fram til me må reisa) vil me gjerne arbeida saman med musétilsette og historielagsaktive med praktisk arbeid som intervjuopptak, dokumentasjon, enkel redigering eller opplasting.
Av dette ser me intervju som det viktigaste. Då tenkjer eg på ganske grundige livsløpsintervju, som regel frå 45 til 90 minutt lange – gjerne med personar som er primærkjelder til viktige historiske eller kulturhistoriske prosessar. Det er veldig fint om me kan starta diskusjonen om kven som kan inviterast alt no!
Me kan tenkja oss å rigga eit eller to intervjustudio i museet og/eller på biblioteket i Elverum.
Det mest effektive er om me kan invitera det me i Memoar kallar forteljarane dit. (Andre kallar dei informantar, meddelarar eller rett og slett intervjuobjekt).
Me kan maksimalt rekka 8 djupintervju i løpet av den tida me har til disposisjon. Etter kvart intervju vil me gjerne ha ein ettersamtale med forteljar, intervjuar og andre som blir med på gjennomføringa som tilhøyrarar eller medintervjuarar.
Avhengig av interessa til seminardeltakarane kan me evt. bruka delar av tida på torsdagen til opplasting av råstoff til mellombels arkiv, redigering, dokumentasjon, arkivering og/eller opplasting til Minner.no.
Forslag til timeplan:
HAR DU TIPS OM GODE FORTELJARAR?
Prosjektet "Krafttak for munnleg historie" kan gi eit spennande tverrsnitt av immateriell kultur i Noreg hausten 2018. I løpet av seks månader skal frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar møtast for å utveksla kunnskap og erfaringar om intervju for å samla munnleg kjeldemateriale. På kvar stad skal me intervjua ca tre forteljarar.
Når prosjektet er over, kan me levera ca 35 intervjuopptak frå Varanger i nordaust til Lindesnes i sørvest.
HAR DU FORSLAG TIL EIN AV DESSE 35?
Send det i så fall - saman med ei kort grunngjeving - til leiaren av prosjektet - bjorn.enes@memoar.no
Kl. 09:00-16:00: Seminar på Glomdalsmuseet
kl 18:00 - 18:30 Rigging av eit eller to studio på Elverum
kl.18:30 - 21:00 Evt. Opptak 1 – evt. Opptak 2 samtidig
Fredag 12. oktober:
Laurdag 13. Oktober
kl. 09:00 – 11:00 Opptak 3 – evt. opptak 6 samtidig
kl. 12:00 - 14:00 Opptak 4 – evt. opptak 7 samtidig
kl. 14:30 -16:30 Opptak 5 – evt. opptak 8 samtidig
Nedrigging av studio 16:30 - 17:00
Avreise ca kl 17:00