Avtalen
(Klikk på biletet for å få stor versjon, eller opne PDF)
I dette prosjektet fylgjer me det prinsippet at det er forteljaren som er eigaren av opptaket.
Museet og prosjektet legg arbeid i det for å få ein bruksrett til det. Denne bruksretten er heilt avgjerande for å kunna bruka opptaket som kjeldemateriale til forsking og i formidling av historia.
Opptaket er også forteljaren si frie ytring - det er hennar/hans rett å ytra seg som dei vil.
Men Museet, Memoar eller Norsk etnologisk gransking har inga plikt til å vidareformidla dersom dei meiner at det vil vera uetisk eller ulovleg. Derfor har avtalen med ein passus om at dei har lov til å laga ein redigert versjon - ein publiseringsversjon - før dei legg forteljinga ut.
Eit tredje viktig prinsipp er "angreretten": Sjølv om me har laga denne avtalen før me startar opptak, så har forteljaren rett til å ombestemma seg når ho/han ser det ferdige resultatet.