Sluttsamling
Ny Memoarkonferanse 8. og 9. mars 2019
Memoar, Bergen offentlege Bibliotek, UiB/Kulturvitskap og Bergen Byarkiv er samde om å arrangera ein ny Memoarkonferanse fredag 8 og laurdag 9. mars 2019.
Alle samarbeidspartnarane oppsumerer at den fyrste konferansen viste at det er behov for eit norsk arrangement som fokuserer munnleg historie og minnekultur. Erfaringane viste også at Memoar er i stand til å gjera hovudjobben med å sikra eit vellukka arrangement.
Arbeidet med programmet på den nye konferansen starta 2. mai. Arrangementskomiteen vil gjerne ha innspel, både om aktuelle tema og foredragshaldarar til plenumsmøter, og om prosjekt- eler idépresentasjonar som også kan eggast fram i eventuelle pralellseminar.
Prosjektleiar for konferanseutviklinga blir også i år Bjørn Enes. Innspel kan sendast til bjorn.enes@memoar.no