Faglege målsetjingar
Som me har peika på i innleiinga, ser det på søknadstidspunktet ut til at det er eit oppsving i interessa for munnleg historie i Noreg. Derfor trur me at det er rimeleg å venta gode resultat av eit krafttak som dette. Me ynskjer å oppnå fylgjande mål:
At fleire bibliotek skal setja i gang arbeid med å etablera intervjustudio som eit nytt tilbod til historielag, ABM-sektoren og lokalbefolkninga.
At det skal bli etablert lokale grupper eller einskildpersonar som vil fylgja opp idear og kunnskapar frå kurs og møter i dette prosjektet.
At mange nye institusjonar, organisasjonar og/eller einskildpersonar skal prøva ut Minner.no.
Å få utvida oversyn over eksisterande samlingar av munnleg historie hos lokale møte- og kursdeltakarar. Slikt oversyn kan i neste omgang nyttast til ein felles strategi for digitalisering og bevaring.
Å styrka oppslutninga om landsdekkjande samarbeid mellom einskildpersonar, organisasjonar, institusjonar og kompetansemiljø for å vidareutvikla kompetanse, organisasjon og infrastruktur for munnleg historie og minnekultur i Noreg