Bø i Telemark - seminar onsdag 9. januar 2019

Telemark Historielag og historiestudiet ved Universitetet i Sørøst-Norge er samarbeidspartnarar når Memoar kjem til Bø i Telemark med kurset "Minnesamling med video" onsdag 9. januar 2019. (Det blir også eit halvdagskurs i Porsgrunn dagen før - les om det her)

Hovedmålgrupper for kurset er historielagsmedlemmer, studentar, museumstilsette og andre profesjonelle eller frivillige som arbeider med lokal-, kultur- eller allmenn historie. Sjølve kurset går frå kl 09-16. Seinare om kvelden 9/1 og heile torsdag 10/1 skal me arbeida praktisk med intervjuopptak, og kursdeltakarane er velkomne til å vera med på det også.

Kurset er ein del av prosjektet "Krafttak for munnleg historie" (http://krafttak.memoar.no) Bakgrunnen er den sterkt aukande interessa for å samla inn, dokumentera, arkivera og ikkje minst bruka munnlege kjelder, både i musé, forsking og i det frivillige historiearbeidet.

Hovudansvarleg er Memoar - norsk organisasjon for munnleg historie. Medarrangørar er - utanom Telemark Historielag og USN Bø - Norsk etnologisk gransking, Landslaget for lokalhistorie og Folkeminnesamlinga. Forelesarane på kurset blir Bjørn Enes frå Memoar og Audun Kjus frå NEG

Oppmøtestad: Universitetet i Bø. (Detaljar om rom kjem seinare)

09:00 Velkomst - presentasjonsrunde

09:30 Bjørn Enes: Om målet med Krafttak Memoar - auka aktivitet og samarbeid om minnesamling i Noreg presentasjon)

10:10 Pause

10:25 Erfaringar, planar og utfordringar med intervjuinnsamlingar i Telemark.

Kort introduksjon til samtale ved Jens Johan Hyvik, Telemark Historielag.

11:00 Pause -

11:15. Audun Kjus (Norsk etnologisk gransking) : Minner som kilder – historie og teori

11:55 Lunsj

12:30 Intervjusituasjonen

Om etikk og teknikk - og magien i den gode samtalen

12:45 Pause

13:00 Etterarbeidet

Feltdagbok, innholdslogg, etisk vurdering, redigering

13:40 Pause

13:55 Arkiveringen - Memoar.no i prosessen, Minner.no for evigheten

14:55 Pause

15:10 Vidare arbeid med lokale prosjekt - Presentasjon på Memoarkonferansen 1919?

16:00 Slutt

Påmelding:

  • Påmelding gjennom TicketCo

    • Alle interesserte er velkomne til å ta del i kurset.

    • Kursavgift: 150,- kroner (OBS: Deltakarane må ta med matpakke eller kjøpa lunsj i USN-kantina).

    • (Studentar frå USN Bø og medlemmer av Memoar får delta gratis. Medlemskap i Memoar kostar 300,-/år)

Dag 2:

Torsdag 10. januar er planen å gjera reelle intervjuopptak i samabeid med folk frå Telemark Historielag og studentar ved Kulturstudiet i Bø (USN), Interesserte kursdeltakarane kan bli med på dette arbeidet, som observatørar, med-intervjuarar eller intervjuarar. Føresetnaden er at dei som skal intervjuast seier ja til å ha tilhøyrarar. Detaljar om korleis dag 2 blir vil bli publisert under Lokale prosjekt/Telemark etter kvart som dei blir klare.

Lunsj dag 2 vil ikkje vera inkludert - ta med matpakke!

Forslag til intervjuopptak?

Dersom du har forslag til person(ar) som bør intervjuast under det praktiske intervjuarbeidet vil me gjerne at du sender nokre ord om det også til post@memoar.no.

Det er planlagt opptak om kvelden onsdag 9 og heile torsdag 10. nov.

Vel møtt!!