Framdriftsplan:
April:
Planutkast - (fullført)
Aksept for planutkast frå Landslaget, NEG og Folkeminnesamlinga. (fullført)
Nettside. (fullført)
Infobrev med invitasjon til alle eltakarane på Memorkonferansen, med invitasjon til å foreslå reiserute. (fullført)
Mai:
Oppsøkande verksemd - forsøka å gjera avtalar om kurs og møter (Fullført)
Detaljutvikling av kursopplegg og -matriell. (Under arbeid)
Registrering av kurs i Kursadmin (Studieforbundet)
Juni:
Framhald med alt frå mai- Detaljplanlegging
Starta rekruttering til seminar gjennom epostar og Facebookside
September:
Reise 1 - Opprinneleg plan 3-8 sept i Finnmark, Troms og Nordland. Sidan det ikkje kom respons frå nokon i Nordland, vart planen
31/8 og 1/9 - Varangerbotn
3-4/9 - Alta/Hammerfest
6-7/9 - Harstad (evt. også Finnsnes)
Oktober
Reise 2 - Opprinnelege planar 7/10 til søn 14/10 til Buskerud, Oppland og Hedmark.
8-9/10 - Lillehammer
10-11/10 - Nesbyen og Ål
12-13/10 - Elverum
November
Reise 3 - Opprinnelege planar 4/11 til 11/11 - Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordne
5-6/11 - Løkken Verk
7-8/11 - Tingvoll
9-10/11 - Florø
januar 2019
Reise 4 - Arbeider med planar - Østfold - Telemark - Agder 6/1 til søn 13/1
Februar/mars 2019
Arbeider med planar om ei sluttsamling under Memoarkonferansen 2019-
Forslag - praktiske ting under seminardelane:
Etter mi erfaring er det stor risiko for teknisk trøbbel med prosjektor kvar gong med byttar ut ei eining.
Me bør testa seminarromet i god tid kvar gong, og sikra at alt vrikar - og ikkje bytta nokon del ut etterpå.
Presentasjonar:
- Presentasjon 0 - Lokale prosjekt:
Skal me få dei ulike til å senda presentasjonane til meg, evt. ha dei på ein minnepinne og lasta dei inn på mi maskin?
- Presentasjon 1 - Intervjusituasjonen.
God idé fyrst og fremst som "hugselapp" etterpå. Bjørn lagar forslag til presentasjon - Audun og Line kommenterar / forbetrar?
- Presentasjon 2 - dokumentasjonsarbeidet - same?
- Demonstrasjon - Arkivering og Minner.no - sjå nedanfor. (Skal me laga ein presentasjon 3 i reserve og som hugselapp for deltakarane?)
- Presentasjon 4 - avsluttande drøfting minneteori?
Demonstrasjon /Presentasjon 3:
Viss nettsambandet er OK KAN me fosøka å demonstrera Memoar/Minner-strukturen slik i ein 30 min. sekvens:
Etikk: Signer avtale med intervjuobjekt. Send til Dropbox via IPad.
Mobilstudio: Start Open Broadcast Software og start kamera (ca. 2 min) - start opptak
Kort intervju (som automatisk blir lasta opp til Dropbox) ca 4. min. Stopp opptak
Redigering: Start og innlogging WeVideo redigeringsprogram . 3 min. Start innlasting av kort intervju frå Dropbox .
Kort forklaring/diskusjon om prinsippet "minst mogleg redigering av kjeldematerialet".
Redigering: Henta inn i ferdiglaga mal, kutt litt i start og slutt. ca 3 minutt
Finnish publiseringsfil til Dropbox) (som også finst på maskinen) Hugs å gi publiseringsnamn.
Dokumentasjon: Start tekstbehandling. Skriv dokumentasjonsark: Namn. dato, kort tekst om innhaldet - evt . logg. Lagra i Dropbox.
Publisering: No loggar me inn i Minner.no (Om å registrera brukar)
Velg innsamling - Varia - Krafttak 2018 - "Send minne"
Tittel - lag tittel
Klipp og lim inn dokumentasjonsteksten.
Last opp den ferdige Dropbox-fila - (kortintervjuet me nettopp gjorde)
Velg CC-lisens
Plasser på kartet .
Lagfra og førehandsvis
Publiser
Nå har me:
Originalfil i lokalt arkiv/Dropbox
Publiseringsfil i lokalt arkiv/Dropbox
Dokumentasjonsark i lokalt arkiv/Dropbox
Publiseringsfil med dokumentasjonstekstar i Minner.no
Til slutt kan alle som har telefonar med nett sjå kortintervjuet på Minner.no .
(Fram til me er sikre på at Minner.no vil leva permanent, vil Memoar i tillegg halda fram med å publisera gjennom Vimeo)
Forslag - praktiske ting under intervjuopptak:
Opptakseiningar:
Bjørn har med:
Rigg 1: Eit stykk Zoom Q8 handicam med stativ. Lagring til minnekort - overføing til Dropbox natta etter opptak. Ingen lysrigg.
Rigg 2: Eit stykk Zoom Q8 handicam med stativ. lagring til minnekort - overføing til Dropbox natt etter opptak. Ingen lysrigg.
Rigg 3: Eit stykk Sony Handycam med HDMI-kabel via Elgato Cam Link til PC med direkte opplasting til Dropbox. Ekstern mikrofon, kopla til PC. Kamerastativ. Lysrigg med to lys. (Opptaksstad må ha bord til PC. )
Rigg 4: Ny Mevo Plus kamera som mogleggjer "to-kameraproduksjon". To myggar med ledning. IPad. Kamerastativ. Ingen lysrigg.
Audun har med?
(Eit Zoom Q4-kamera?)
Line har med?
(Eit intervjukamera/lydopptakar?)
Avhengig av kor mange intervju som lokal partnar ynskjer å gjennomføra, set me opp eit eller to eller tre opptaksstader på kvar plass.
Me varierar vår rolle - enten er me intervjuarar, med-intervjuarar eller berre rådgjevarar i intervjusituasjonen - alt etter kva dei lokale ynskjer.
Me lagar ei Dropbox-mappe for kvar stad me besøker, og deler den med dei lokale som skal ha tilgang.