Porsgrunn - halvdagskurs tirsdag 8. januar

Arrangementet i Porsgrunn er eit samarbeid med Norsk Industriarbeidermuseum og Porsgrunn bibliotek. Hovudarrangementet er eit ettermiddagskurs om munnleg historie. Målgruppa er tilsette i musé, bibliotek og arkiv, aktive historielagsmedlemmer og andre som er interesserte i arbeid med munnleg kjeldemateriale. Det kjem til å bli eit særleg fokus på industri- og jernbanehistorie under dette arrangementet, men også folk med andre hovudinteresser vil ha utbyte av det.

Før sjølve ettermiddagskurset er planen å gjennomføra ein fullstendig prosess med eit industrihistorisk intervju. Kujrsdeltakarar som har tid og høve til det, er velkomne til å vera observatørar under det arbeidet. Forteljaren (intervjuobjektet) frå førmiddagsøkta blir invitert til kurset om ettermiddagen for å vera med å diskutera med sine erfaringar frå å bli intervjua.

Kursprogram: Oppmøtestad Porsgrunn Bibliotek, arrangementsromet "Hjørnet"

15:00 - Verdien av munnleg kjeldemateriale

15:30 - Intervjusituasjonen. Etikk - opphavsrett - ytringsfridom - personvern.

16:00 - Etterarbeidet - korleis kan me gjera ein historiesamtale bevaringsverdig? (Dokumentasjon. emneord, tekstsamandrag)

17:00 - Kaffipause

17:30 - Arbeidsprosessen og verktøyet. www.minner.no

18:00 - Formidling. Nettpublisering av kjeldemateriale - døme på bruk.

18:30 - Diskusjon: Er det aktuelt å starta ei intervjuinnsamling i Bamble ?

19:00 - Slutt.

Kursdeltakarane kan også observera under eit intervju:

Kursdeltakarane kan observera etterarbeidsprosessen:

I tidsromet kl 11:00 - 14:00 (same dag, 8/1-19) skal prosjektteamet forsøka å gjennomføra denne etterarbeidsprosessen:

  • Råstoffet skal lastast opp til prosjektarkiv.

  • Opphavsrett skal avtalast. Innhaldet skal vurderast etisk

  • Innhaldet skal dokumenterast med ein logg og ein tekst.

  • Råstoffet skal redigerast til ein publiseringsklar video.

  • Dokumentasjon og video skal leggjast ut på ei ny prosjektnettside Telemark.memoar.no. Videoen skal ha passord. Når forteljaren ber om det, skal passordet fjernast.

  • Dokumentasjon og video skal overførast til www.minner.no

(Bildet: Flytskjema - etterarbeidsprosessen)

I tidsromet 08:00 - ca, 10:30 (same dag 8/1-19) er planen å gjennomføra eit munnleg historie-intervju med ein person som er primærkjelde til industri- eller jernbanehistoria i Telemark.

Så sant ho/han som skal intervjuast seier ja til det, vil kurs-deltakarar vera velkomne til å vera tilhøyrarar/observatørar.

Det er enno ikkje avgjort kven som skal intervjuast. Kom gjerne med forslag til epostadresse post@memoar.no eller på telefon til prosjektleiar Bjørn Enes, 41516745.

(Bildet: Frå eit tidlegare minneintervjui med publikum på Sjøfartsmuseet i Bergen)

Påmelding:

Kursavgift kr. 150,-

Påmelding gjennom Ticketco