Rogaland

Pågåande / planlagte intervjuinnsamlingar:

    • Backfire - Norske jagerflyulykker under den kalde krigen

    • Ulike innfallsvinkler knyttet til Øglænds produkter som DBS og Tempo. F.eks spørreliste/foto: "Min første sykkel".

HAR DU TIPS OM GODE FORTELJARAR?

Prosjektet "Krafttak for munnleg historie" kan gi eit spennande tverrsnitt av immateriell kultur i Noreg hausten 2018. I løpet av seks månader skal frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar møtast for å utveksla kunnskap og erfaringar om intervju for å samla munnleg kjeldemateriale. På kvar stad skal me intervjua ca tre forteljarar.

Når prosjektet er over, kan me levera ca 35 intervjuopptak frå Varanger i nordaust til Lindesnes i sørvest.

HAR DU FORSLAG TIL EIN AV DESSE 35?

Send det i så fall - saman med ei kort grunngjeving - til leiaren av prosjektet - bjorn.enes@memoar.no