Innhald / tema
Kurs om teori og metode:
På kvar stad har me planlagt to kurssekvensar, kvar på fire timar (føremiddag på dag ein og ettermiddag på dag 2). Innhaldet vil byggja på resultatet av kursutviklingsprosjektet «Munnleg kjeldemateriale – dokumentasajon og samling» (Kulturrådet prosjektnr. 291513).
Del 1 skal omfatta omlag ein time minneteori og drøfting av verdi, særtrekk og manglar ved munnlege kjeldemateriale (Modul 5), og omlag tre timar om praktisk intevjuarbeid med opptaksutstyr. (Modul 1).
Del 2 skal omfatta omlag to timar etterarbeid i form av dokumentasjon og tilrettelegging for arkiv og/eller nettproduksjon (Modul 2) og to timar samtale og idéutveksling om moglege lokale minneinnsamlingsprosjekt (Modul 4).
På kvar stad skal kurssekvensane omfatta ein samtale om oppfylgjingskurs i regi av lokalt bibliotek, historielag el.a., og ein samtale om lokalt innsamlingsprosjekt. Ofte vil det alt vera reist idear til innsamlingsprosjekt. Der det manglar, vil kurset leggja opp til å lansera idear om innsamling av minneforteljingar som eignar seg for utveksling mellom born og besteforeldre.
Møteinnhald: Kompetanse, infrastruktur og organisasjon.
På kvar av dei tolv stadene vil me forsøka å koma i møte med bibliotek, musé og lokalarkiv, kommunal/fylkeskommunal kulturadministrasjon, frivillige organisasjonar som sogelag/historielag, kulturvern- og slektshistorieforeiningar og ikkje minst einskildpersonar som engasjerer seg i minnesamling. Me vil også forsøka å få arrangert møte med lokale media, for å få ut oppmodingar om å samla, dokumentera, bevara og dela/formidla munnleg historie.
På desse møtene vil me reisa spørsmål om å etablera offentlege intervjustudio i bibliotek, lokalarkiv eller museum, organisera utdjupande kurs, registrera og leggja planar for digitalisering/avlevering av lokale samlingar og spørsmål om nye lokale prosjekt innan munnleg historie og minnekultur.