På kvar stad planlegger me ein seminar dag og ein dag med praktisk arbeid. Bjørn Enes frå Memoar og Audun Kjus frå Norsk etnologisk gransking blir med på alle kurs. I tillegg blir fagansvarleg for Folkeminnesamlinga, Line Esborg, med på nokre av dei. Det er også planen at ein representant for leiinga i Landslaget for lokalhistorie skal bli med. Etter kvart har denne innrettinga gitt form og innhald til seminarprogrammet:
Seminardagen tek utgangspunkt i pågåande eller planlagte intervjuinnsamlingar hos vertskapet
Andre hovudpunkt vert utveksling av kunnskapar og erfaringar om intervjusituasjonen: KLorleis får me til verdifullt munnleg kjeldemateriale?
Etterarbeidet - korleis effektiviserar me dokumentasjonsarbeidet?
Arkivering - korleis sikrar me at opptaka ikkje går tapt?
Minner.no - korleis brukar me det nye innsamlings/formidlingsverktøyet?
Minneteori: Drøfting av verdi og særtrekk ved munnlege kjeldemateriale - generelt, og konkret i pågåande eller planlagte lokale prosjekt.
Alle seminardeltakarane vert også inviterte til å ta del i praktisk arbeid med opptak, dokumentasjon og/eller opplasting til Minner.no dagen etter. Sjå meir under Lokale prosjekt
Sjå påmelding til alle seminar på Memoat.Ticketco.no