Sogn og Fjordane
Etter seminaret på Flora Kytstmuseum er tanken å arbeida med praktisk intervjuarbeid saman med musétilsette og historielagsmedlemmer i Sogn og Fjordane. Me kjem til å ha med oss to kamerariggar slik at me har utstyr og bemanning til å køyra to prallelle intervjuseriar.
Hovudformålet vil vera å nytta høvet til å arbeida saman med museumstilsette og historielagsmedlemmer og evt. andre på staden, for å utveksla erfaringar og kunnskapar og beste praksis. Det er også eit mål å grunnleggja vidare samarbeid i framtida.
Det er ein god ide å konsentrera seg om eit eller to temaområde, sidan minneinnsamlingar oftast er tematisk fokuserte.
Kystkultur er kanskje det mest sentrale stikkordet for minnesamling i Flora.
Eit aktuelt pågåande prosjekt er Skulenmin.no - innsamling av skuleminner i Sogn og Fjordane.
Me har elles invitert Flora Historielag til samarbeid, og dei vil drøfta dette på styremøte tidleg i september.
Arbeidet med å bestemma fokus og gjera avtalar med intervjuobjekt held fram i samarbeid med lokale partnarar.
Teoretisk sett kan me rekka opp til åtte intervjuopptak - med god planlegging:
HAR DU TIPS OM GODE FORTELJARAR?
Prosjektet "Krafttak for munnleg historie" kan gi eit spennande tverrsnitt av immateriell kultur i Noreg hausten 2018. I løpet av seks månader skal frivillige og profesjonelle kulturarbeidarar møtast for å utveksla kunnskap og erfaringar om intervju for å samla munnleg kjeldemateriale. På kvar stad skal me intervjua ca tre forteljarar.
Når prosjektet er over, kan me levera ca 35 intervjuopptak frå Varanger i nordaust til Lindesnes i sørvest.
HAR DU FORSLAG TIL EIN AV DESSE 35?
Send det i så fall - saman med ei kort grunngjeving - til leiaren av prosjektet - bjorn.enes@memoar.no
Opptaksplan - Mobilstudio 1 (ansv. Bjørn Enes)
Dag 1:
kl. 18:00-20:00: Ledig
Dag 2:
Kl. 09:00-11:00: Ledig.
kl. 11:30-13:30: Ledig
kl. 14:00-16:00: Ledig
Opptaksplan - Mobilstudio 2 (Audun Kjus)
Dag 1:
kl. 18:00-20:00: Ledig
Dag 2:
Kl. 09:00-11:00: Ledig.
kl. 11:30-13:30: Ledig
kl. 14:00-16:00: Ledig